Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det er ingen grunn til å stemple Sp som klimasinke

50 øre billegare bensin får ikkje folk korkje på bygda eller i byane til å setja seg i bilen og køyre rundt på måfå.

Næringspolitisk talsperson for Sp, Geir Pollestad. Foto: Siri Juell Rasmussen
Næringspolitisk talsperson for Sp, Geir Pollestad. Foto: Siri Juell Rasmussen

«Senterpartiet er blitt en populistisk klimaversting under Trygve Slagsvold Vedums ledelse», seier Venstre sin parlamentariske leiar Terje Breivik.

Det er forunderleg å sjå kva meiningsmålingar der prosent er i ferd med å tippa over til promille kan gjera med elles forstandige menneske som Terje Breivik.

Breivik kjem med sin kritikk på bakgrunn av to saker. For det fyrste at me vil senka avgiftene på drivstoff ned på nivået dei hadde då Ap, Sp og SV sat i regjering. For det andre at me ikkje vil gå til åtak på folk sine matvanar og norsk landbruk.

Det er berre eitt problem for Venstre og deira kritikk av Senterpartiet. Den er heng rett og slett ikkje saman med det alternative budsjettet som me har lagt fram. Eit budsjett som har ein langt sterkare klimaprofil enn det budsjettet som Venstre står bak.

Eg trur ein kjem langt med å måla utviklinga i mengda CO2 i atmosfæren framfor å måla mengda dårleg samvit hjå folk i Noreg for å køyre bil på jobb.

Skal eg vera litt sjølvkritisk så er det to punkt som i utgangspunktet kan gje noko høgare utslepp av klimagassar: Senka avgifter på bensin og diesel og eit øre senka avgift på straum. Eg vil likevel hevde at utslaga er heilt marginale. 50 øre billegare bensin får ikkje folk korkje på bygda eller i byane til å setja seg i bilen og køyre rundt på måfå.

Å gjera klima om til eit spørsmål om drivstoffpris er rein symbolpolitikk. Eg trur ein kjem langt med å måla utviklinga i mengda CO2 i atmosfæren framfor å måla mengda dårleg samvit hjå folk i Noreg for å køyre bil på jobb. Ein klimapolitikk som har til føremål å gje folk dårleg samvit fører ikkje noko godt med seg korkje for klimaet eller folk.

Senterpartiet har eit klimaopplegg som bidreg til å skapa verdiar og arbeidsplassar. For som kjent er heller ikkje dårleg samvit noko me skal leva av etter olja. Senterpartiet sitt alternative budsjett er tettpakka av næringstiltak med klimaeffekt som me ikkje finn i budsjettet Venstre står bak:

Senterpartiet vil i sitt alternative statsbudsjett løyve 400 millionar kroner meir til investeringar i klimaløysingar enn regjeringa. Eit tiltak som vil hjelpe bedrifter som satsar på ny teknologi. Verdiskaping og klima må ikkje vera motpolar.

Annonse

Senterpartiet vil òg løyve 65 millionar kroner meir til landbruksforsking. Ein stor del av desse vil gå til å finne løysingar der me produserer både korn og biff med eit lågare klimaavtrykk. Det er ikkje eit alternativ for Senterpartiet å kutte norske utslepp med å auka importen av mat.

Senterpartiet vil òg setje av 200 millionar kroner til å sikra meir klimavenlege båtar og ferjer. Det vil gje konkret effekt som monnar og vil gje dei reisande eit betre tilbod. Det er og godt nytt for norske verft som ligg langt framme i å utvikla klimavennlege skip.

Det å kutta avgifter har no per definisjon blitt populisme. Eg er ikkje samd i det. Den norske velferdsstaten er bygd på at me skal bidra til fellesskapet etter evne. Då er avgifter dårleg, medan skatt er bra.

Kontrollspørsmålet for eit kvart klimatiltak må vera: «Verkar det?».

Avgifter er like for alle anten ein er rik eller fattig. Skattesystemet er bygd slik at dei som tener mest bidreg mest. Det er rettferdig. Difor kuttar me avgifter mellom anna med å ta ned momsen på kollektivtransport frå 12 prosent til 10 prosent.

Det er ikkje berre våre politiske motstandarar som kjem med lettvinte påstandar om Senterpartiet og klima. Avisa Nationen finn òg grunn i ein leiar til å problematisera vårt nei til biffavgift, nei til forbod mot nydyrking av myr og ja til noko lågare drivstoffavgifter.

Sjølv om det var ein leiar med eit spørjeteikn burde Nationen forstå heilskapen i Senterpartiet sin grøne politikk. Levande bygder er ein føresetnad for å skape eit godt samfunn. Då må me ha ein politikk for heile Noreg. Då kan ikkje avgiftslegging av bygdeaktivitetar vera einaste løysing.

Senterpartiet vil òg gje avgiftslettar til dei minste flya. Dei flya som bind Noreg saman i eit finmaska nett av flyruter. Distrikta sin kollektivtransport. Widerøe er blitt utsett for ei kraftig auke i avgiftene etter at Frp fekk avgiftsministeren og samferdselsministeren i 2013.

Sjølv med regjeringa sitt framlegg til omlegging av flyseteavgifta er det framleis langt høgare avgift per kilometer for dei som skal ta flyet til sjukehuset sitt i Nord-Noreg enn det er per kilometer for klimajournalistar som skal reise verda rundt på klimakonferansar.

Det er etter mi meining ingen grunn til å stempla Senterpartiet som klimasinker. Men det må vera rom for fornufta sjølv i det grøne skiftet. Og kontrollspørsmålet for eit kvart klimatiltak må vera: «Verkar det?».

Eg er heilt trygg på at om klimaet fekk velje mellom Senterpartiet eller Venstre sitt statsbudsjett – så ville klimaet gått for Senterpartiet si løysing. Kanskje Terje Breivik òg vil stemple klimaet som populist?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Der ein skulle tru at endå fleire ville bu