Tida med Listhaug som landbruksminister var grusom. Det var ikkje på nokon som helst måte mogleg å ha ein debatt bygd på rasjonalitet og realitetar. Det vart mykje skriking. Samstundes var det i det fyrste jordbruksoppgjeret det gjekk mest gale. Den avtala som KrF og Venstre gjekk med på var ei kanonkule av sentralisering. Kva KrF og Venstre ville oppnå med å kutta så kraftig i mjølkebruka med mindre enn 30 kyr har eg framleis ikkje forstått.
Landbruket under Frp-styre
No er snart fire år med Frp-styre i Landbruks- og matdepartementet forbi. Det er opp til veljarane om det vert fire nye år. Eg vil nytte denne spalta til ei kort oppsummering frå min ståstad.
Neste artikkel
Frp ut mot Høyres strømpolitikk – vil hasteinnkalle Stortinget