Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kampen om verkelegheita i fjøset

Skal norske matprodusentar til ei kvar tid tilpasse seg det ein meiner er forbrukartrendar, eller skal ein gjera eit forsøk på å påverke folk sitt syn?

Norske matprodusentar bør etter mi meining høyre meir på den tause majoritet, skriv Geir Pollestad. Foto: Siri Juell Rasmussen

Stadig færre folk har eit direkte forhold til korleis maten vert produsert. Det er rett og slett færre som besøker fjoset. Kunnskapen om livet på garden er ikkje lenger folkekunnskap.

Samstundes er folk stadig meir opptekne av korleis maten faktisk vert produsert og av ulike mattrendar. Meir merksemd kombinert med mindre kunnskap kan vera ein farleg miks.

På den andre sida kan ein sjølvsagt nytte denne interessa til å skapa noko positivt for norsk matproduksjon. Då må dei av oss som har eit bankande hjarte for norsk mat delta i diskusjonen om korleis ein kan lukkast med å nå fram til folk flest med informasjon om korleis mat vert produsert.

Det fyrste ein må ta stilling til er korleis ein skal møte ulike trendar og press. Skal norske matprodusentar til ei kvar tid tilpasse seg det ein meiner er forbrukartrendar, eller skal ein gjera eit forsøk på å påverke folk sitt syn?

Utgangspunktet er jo at kunden alltid har rett. Dette verkar på meg å vera det førande prinsippet for mange av aktørane som høyrer til jordbruket. Etter kvart har både bondeorganisasjonar, samvirkebedrifter og andre bygd opp eigne avdelingar for å drive såkalla samfunnskontakt.

For meg verkar det som om ein i desse avdelingane er meir opptekne av å forstå Grünerløkka enn å forstå matproduksjon og livet på garden.

Då vert ofte svaret at ein skal møte kvar ny trend med å tilby det som vert etterspurt. Eg meiner ein burde vore meir oppteken av å påverke forbrukarane til å gjera dei fornuftige vala. Jordbruket må ta kampen om verkelegheita.

Diskusjonen om egg frå frittgåande høner eller egg frå høner i miljøinnreiing er eit godt døme på kor gale det kan gå når idealismen ikkje heng saman med realitetar. Nokre få relativt ekstreme dyreverngrupper får styra debatten og resten vert dregne med som hovudlause høner. Bonden tapar på det.

Ein burde vore meir oppteken av å påverke forbrukarane til å gjera dei fornuftige vala.

Annonse

Eg meiner at for mange innan verdikjeda for mat har for lite tru på det produktet ein faktisk har. Det vert rett og slett for mykje jåleri og for lite realitet.

I diskusjonar om jordbruket er det eit problem at marginale grupper får altfor mykje merksemd. Eg trur framleis at dei fleste folk i Noreg har beina relativt godt planta på jorda. Ulempa er at dei fleste av desse er tause. Norske matprodusentar bør etter mi meining høyre meir på den tause majoritet. Desse har ofte langt meir både vit og forstand enn det støyande mindretalet.

Eit godt døme på dette har eg nyleg opplevd på mi Facebook-side. Eg la ut eit innlegg der eg ga uttrykk for glede over at den meiningslause importen av gatehundar frå land sør i Europa no vert ulovleg. Det utløyste hundrevis av sinte kommentarar. Ein kunne få eit inntrykk av at dette var ei dårleg sak. Eg er likevel heilt trygg på at det store fleirtalet i Noreg er samde i at dette er eit fornuftig forbod, sjølv om dei ikkje ytrar seg på Facebook-sida mi.

Kva meiner eg at norske matprodusentar må gjera for å halde på støtta frå ei befolkning der stadig færre har besteforeldre som bur på gard? Kva må til for å vinna kampen om verkelegheita?

For det fyrste så meiner eg at ein må opne opp meir for å la folk sjå korleis maten faktisk vert produsert. Så veit eg godt at omsynet til smittefare gjer at det ikkje er berre enkelt å sleppe hordar av folk inn til dyra. Men ta i bruk teknologi. La folk få eit digitalt blikk inn i kvardagen til dyra. For ei stund tilbake var det open gard på Facebook. Eit godt tiltak. La folk sjå korleis det er.

For det andre meiner eg ein må vurdera å leggja om dei såkalla opplysningskontora slik at dei fokuserer meir på korleis biffen er produsert enn på korleis du steiker den. Eit samla opplysningskontor for norske jordbruksprodukt ville ha vore eit viktig steg i rett retning.

For det tredje meiner eg at aktørane som driv med norsk mat må våge å fortelje skilnaden på matproduksjon i Noreg og andre land. Eg drøymer om reklamen som seier det vert brukt 50 gonger meir antibiotika i tysk kjøtt enn i norsk kjøtt.

I førre veke kunne ein høyre på Dagsnytt 18 at ungdomsrørsla til regjeringspartiet Venstre ville erstatte kjøttproduksjon frå dyr med kjøttproduksjon frå laboratoriet. Vi lever på så mange måtar i dei galne si tid.

Då har jordbruket to val: Å jobba for å gjera flest mogleg av vanlege folk til sine ambassadørar. Ambassadørar for at det mest fornuftige me kan gjera er å lage mat i Noreg med å bruke dei ressursane me har i landet.

Eller ein kan nikka anerkjennande til dei galne som meiner at ein i framtida skal eta insekt og laboratoriekjøtt. Det vert det i alle fall ikkje mykje jordbruk, levande bygder og verdiskaping i Noreg av.

Neste artikkel

Kampen for plantehelsa