Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Det er eit paradoks at KrF og Sp ikkje har spelt på same lag dei siste 14 åra»

KrF må gjere noko vi ikkje har gjort før. Anten kjem vi til å søke regjering med Frp eller med Ap, begge delar vil vere nybrotsarbeid. Eg håpar Knut Arild sitt råd om å søke saman med Sp og Ap blir fulgt.

Etter valet i fjor fekk KrF langt frå den oppsluttnaden vi håpa på. Valkampen var dominert av spørsmål om kven vi ville samarbeide med, og vi fekk aldri fram kva vi skulle samarbeide om. Etter eitt år med tydeleggjering av prosjektet vårt er vi nærare å komme oss ut frå denne posisjonen.

KrF sin posisjon det siste året har vorte kalla ”konstruktiv opposisjon”. Med den minste stortingsgruppa vår sidan krigen har vi likevel hatt ei strategisk plassering der vi har fått avgjere stort og smått. Men denne medaljen har hatt ei bakside. Det er nesten litt som den greske myten om kong Midas – der alt han tar på blir til gull, men til slutt blir og dette hans bane. KrF har fått stortingsfleirtalet med seg på mykje, med det har det og blitt stadig færre ting å ”ta kampen for”. SV og Sp har på si side klart å mobilisere på kampar som dei taper – men det har ført til mobilisering.

Det første og viktigaste frå landsstyret var tydeleggjeringa av kven vi er og kva som er vår oppgåve i politikken. KrF er partiet som står saman for eit varmare samfunn. Vi vil bygge samfunnet på verdiar som gir forankring i kristne røtter, som gir tryggleik og bygger tillit. Vidare må vi skape eit samfunn der vi bryr oss om det som verkeleg betyr noko, tid til dei næraste og borna, omsorg for dei som treng det mest. Sist men ikkje minst må vi ikkje bli oss sjølv nok, men ta vår del av ansvaret for det globale fellesskapet.

Det her er eit prosjekt og eit samfunnsyn som manar til engasjement. Engasjement for at Noreg skal ta vår del av ansvaret for klimaproblema og for å løfte menneske ut av fattigdom. Eller at vi alltid skal ta familietesten på politikkutforminga her heime – for det burde bekymre fleire enn KrF når fødselsraten no er nede i 1,6.

Det som likevel laga dei største overskriftene, handla om kven KrF kan samarbeide med for å få gjennomslag for dette prosjektet. Er det slik som avisene skriv at KrF er eit parti som er splitta? Nei. Vi er samla om kva vi vil få til, men ueinige om kva som er det beste midlet for å nå det målet. Og her er det det blir vanskeleg.

Annonse

KrF står att med to alternativ, der begge to er nybrotsarbeid. Anten å søke å sitte i same regjering som Framstegspartiet, noko ein ikkje har gjort før og heller ikkje gjorde etter å ha forhandla om det i Nydalen for fem år sidan fordi avstanden var for stor. Eller så kan vi søke mot Sp og Ap, sjølv om vi aldri vore del av same regjering som Ap. Eg meiner Knut Arild sitt råd om å gå for det siste er verdt eit forsøk.

I det samarbeidet KrF var i førre stortingsperiode, fekk vi ei rolle som bremsekloss, der vi måtte bremse og stoppe usosial politikk, negativ landbrukspolitikk og regjeringa sin sentraliseringsiver. Men denne modererande rolla har ikkje tent oss, den har først og fremst tent Solberg. Dei sigrane vi har fått har gjort regjeringa meir populær, fordi velgarane rett og slett merka mindre til konsekvensane av den reelle politikken til høgrepartia.

Om ein ser til land utanfor Norden er regelen at kristendemokratar og agrarpartia ikkje berre går hand i hand, men er same parti.

KrF og Senterpartiet har forskjellige røter og er forskjellige parti. I synet på internasjonalt samarbeid er det forskjellar og vi vektlegg ulike saker annleis. Men det er mykje som foreinar, som kampen for søndagen som annleisdag, nei til eggdonasjon, nei til tvillingabort, restrektiv alkoholpolitikk, kampen for utkantane, ideelle si rolle i velferdssamfunnet og evaluering av 6-åringane sin skulestart. Det er eit paradoks at to såpass like parti ikkje har spelt på same lag dei siste 14 åra. Om ein ser til land utanfor Norden er regelen at kristendemokratar og agrarpartia ikkje berre går hand i hand, men er same parti.

Mi eiga mormor (som eg trur er oftare sitert i gjestespaltene mine i Nationen enn nokon annan) var i fiskeristyret i Fjaler for Senterpartiet – sidan morfar var på lista til Arbeiderpartiet og ”vi ikkje kunne bli sånn arbeiderparti-familie”. Hennar karikering av stemmegivninga i Holmedal på denne tida viser og slektskapen mellom KrF og Senterpartiet; først kom alle som jobba på fabrikk og stemte Ap, dei som eigde fabrikkane kunne finne på å stemme Høgre, så kom alle bøndene og stemte på Senterpartiet – til slutt kom konene til desse, og då fekk KrF nok stemmer til sine mandat.

Debatten kjem til å rase i KrF og i resten av samfunnet fram til vårt ekstraordinære landsmøte 2. November. Eg gler meg til at vi saman kan finne vegen vidare, fordi uansett om fleirtalet tenker likt som meg eller ikkje, så er vi einige om det viktigaste. Kampen for fattigdomsbekjempelse, dei kristne grunnverdiane og mot eit sorteringssamfunn er grunnen til at eg er i KrF – og KrF er uansett KrF.

Neste artikkel

Full bompengesplid mellom Venstre og Frp truer regjeringen