Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det Dale ikkje vil snakka om

Eg veit at du ikkje liker å snakka om det, landbruksminister Jon Georg Dale. Eg les også at du, Ingunn Foss frå Høgre, meiner det både er «useriøst» og «politisk spel» å diskutere det no. Eg ser at du, Trygve Hegnar, meiner det er å gjera Stortinget til ein barnehage.

Vil ikkje snakka: Landbruksminister Jon Georg Dale vil ikkje snakka om jordbrukspolitikk før forhandlingane med bondeorganisasjonane. Her er Dale under oppstarten av regjeringsforhandlingane i mars i år. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Men likevel må eg berre engasjere meg i jordbrukspolitikk no før jordbruksforhandlingane tek til. Eg vonar dykk tre kan forstå at det er for viktig for meg til at eg greier å teia.

På torsdag startar jordbruksforhandlingane. Då legg jordbruket fram sitt krav til årets oppgjer. Staten og jordbruket skal så forhandle om rammevilkåra for matprodusentane i landet. Senterpartiet er uroa for om regjeringa tek Stortinget sine mål for norsk landbrukspolitikk på alvor. Difor løfta me sist veke saka i Stortinget, med spørsmål til statsministeren i spørjetimen og ein interpellasjon til landbruksministeren.

Dette ville dei ikkje snakka om. Difor fann dei på ein masse reglar om at ein ikkje skal diskutera jordbruksoppgjeret i Stortinget no. Det kunne råka forhandlingsordninga, hevda dei. Mest pompøs i grunngjevinga si var statsråd Dale, som sende brev til Stortinget og viste til «lang sedvane» for å ikkje diskutere saka no.

Særleg lang kan ikkje sedvanen vera, sidan Høgre, Frp, KrF og Venstre i fjor sytte for å handsame jordbruksmeldinga berre timar før jordbruket la fram sitt krav til staten.

Eg trur det handlar meir om at regjeringa ikkje har så veldig lyst å snakka om jordbrukspolitikk nett no. Inntektene i jordbruket går feil veg. Dei stupar. Dei same partia hadde ikkje så tungt for å snakka om jordbrukspolitikk då inntektene gjekk oppover.

At det kunne forklarast med passe mengder solskin og regn, gode overskot i Tine og etterdønningane av Trygve Slagsvold Vedum si tid som statsråd, var ikkje så farleg. Frp og Høgre tok æra for alt. Når ein no ser resultata av politikken deira, så vert dei like pratsame som ein østers.

Jordbruksforhandlingane er viktige. Det er viktig at staten og jordbruket kan drøfte korleis politikken kan utformast. Desse forhandlingane skal skje innanfor dei rammene som Stortinget har trekt opp. Og Stortinget har sagt noko om inntektsmål: «Inntektsgapet skal reduserast.» Det er ganske spesielt at regjeringserklæringa har eit heilt anna mål: «Jordbruket skal ha inntektsutvikling.» Kva i alle dagar betyr det?

Ikkje eitt ord av det regjeringa skriv om bondeinntekt i regjeringsplattforma er forankra eller vedteke av Stortinget. Så Dale kan trygt sjå vekk frå dette punktet i regjeringserklæringa. Å sjå vekk har han jo også god røynsle med å gjera. Både lovnaden om målretta skatte- og avgiftslettar og lovnaden om fondsordning for jordbruket har han avliva.

Det er jo ikkje Frp si skuld. Partiet sit jo berre i regjering, har finansministeren og stemmer for alle avgiftsaukane i Stortinget.

Annonse

Det er oppsiktsvekkande at ei av årsakene til fallet i jordbruket sine inntekter kjem av auka pris på drivstoff. Men sånn kan det vel gå når me er velsigna med ei av verdas mest avgiftsglade regjeringar, særleg samanlikna med kva partia lova før dei kom til makta. Det er det som kan omtalast som «the real Frp». Men som me veit: Det er jo ikkje Frp si skuld. Partiet sit jo berre i regjering, har finansministeren og stemmer for alle avgiftsaukane i Stortinget.

I ein normalsituasjon skal jordbruksoppgjeret gå føre seg på ein slik måte at regjeringa jobbar for å få til mest mogleg av det Stortinget har meint i jordbruksmeldinga. No er dette snudd litt på hovudet. No er det slik at det er jordbruket som har overteke den jobben. Dei er meir opptekne av Stortinget enn det regjeringa er.

Eg er også heilt trygg på at eg og Senterpartiet dei neste vekene fleire gonger kjem til å verte skulda av Frp for å undergrava forhandlingsinstituttet. Når noko slikt kjem frå eit parti som alltid har kjempa for å avvikla ordninga, så er det ingen grunn til å høyra etter. Forhandlingsinstituttet er ei ordning for å bygga opp norsk matproduksjon og ikkje ei ordning for å få gjennom ein politikk det ikkje er fleirtal for.

Men eg er alltid optimist. Så eg håpar og trur at vårens jordbruksoppgjer kan verte like harmonisk og godt som då Trygve Slagsvold Vedum var landbruksminister i 2013. Det var jordbruksoppgjeret der berre KrF var kritiske. KrF hadde inne vararepresentant i næringskomiteen på Stortinget då oppgjeret vart handsama.

Eg sette stor pris på dei tydelege og gode merknadane våren 2013 frå KrF sin vararepresentant Steinar Reiten. Eg voner at han kjem til å vera like tydeleg i år.

Eg vil ynskje både jordbruket og statsråden lukke til med årets jordbruksoppgjer.

Geir Pollestad er ein av fem faste skribentar til Nationen si spalte Frå Løvebakken. Dei andre fire er Lene Westgaard-Halle, Torgeir Knag Fylkesnes, Else-May Botten og Tore Storehaug.

Neste artikkel

Sp: – Postloven blir ikke endret i år