Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dagen derpå

Ein kan vere skuffa, og ein kan vere stolt etter KrF si avgjerd.

For åtte år sidan måtte far min kjøpe ny Ford Fiesta, fordi eg køyrte den gamle inn i ein hjort. Dagen etter vakna eg og var framleis gåen, stiv i nakken og usikker på vegen vidare. Slik kjentes og det og ut å tape på KrF sitt landsmøte.

Før fredagen var eg håpefull. Du kan kanskje seie at eg håpa mot betre vitande – for eit samla Presse-Noreg hadde jo kartlagt kvar einaste delegat i detalj. Likevel håpa eg. For Knut Arild Hareide si politiske tenking og ærlege tone hadde tent både meg og andre. KrF hadde fått 2700-medlemmar på berre nokre veker og titusenar hadde fulgt fylkesårsmøte etter fylkesårsmøte for å høyre korleis fylket tenkte om Knut Arild sitt råd. Der det før var få som møtte opp på årsmøta, var det på plass etter plass fleire som var med - men ikkje berre møtte folk opp, dei hadde òg eit engasjement som både høyrdes og syntes.

Stemmeresultatet viste at 90 støtta å søke regjering med Ap og Sp medan 98 ikkje gjorde det. Kjensla etterpå var bilkrasj blanda med kjærleikssorg. Det traff meg i magen og mellomgolvet og alt som er. For ikkje berre hadde eg ikkje fått det resultatet eg håpa på i avstemminga, men eg hadde og mista ein partileiar. Hadde nokon gitt meg ein mikrofon då, så trur eg ikkje mormor hadde vore mykje stolt av dei tinga eg hadde sagt. Men kva gjorde Knut Arild sjølv? Han mana til samling om verdiane våre og viste like mykje med det han gjorde som det han sa at det no handla om å gå vidare med heva hovud.

Dagen derpå er det mange store tankar som skal fordøyast. For kva gjer ein no? Eg har ikkje alle dei svara endå. Men viss du nokon gang skulle gå på eit tap i eit spørsmål som er så viktig for deg har eg eitt råd til deg; kom deg heim. Den einaste måten å kome seg nokon plass er ved å ta eitt steg av gangen, og første steg er å finne kreftene og samle tankane. Den siste månaden har det blitt ein fredag heime i Sunnfjord, pga. reising og arbeid knytt til KrF sin situasjon.

Annonse

Når ein får roa ned og kjent litt etter, så var det ei anna kjensle nedi all skuffelsen. Langt inne ein plass var eg og litt stolt. Stolt av partiet mitt som har stått i eit stort press frå alle kantar, der alt som ikkje heilt traff planken blei kringkasta på direktesendingar til heile landet. På alle dei lokallagsårsmøta og fylkesårsmøta eg har fått tatt del på er det ikkje misstru eller karakteristikkar som har vore dominerande – nei, folk har tatt seg ein kopp kaffi saman, sett kvarandre i auga og sagt kva dei meinte. Det fins tilfelle av det motsette, men regelen har vore respekt for at folk tenker annleis. Knut Arild oppsummerte det i si tale der han erkjente nederlaget som «rørande vakkert» partidemokrati.

Det er krevjande å halde roen når du har heile Noreg sitt blikk mot deg og du veit at alle diskuterer deg og partiet ditt i neste lunsjpause. Interessa for KrF sine fylkesårsmøte var så stor at TV2 sendte TV-team med helikopter (!) til Sogn og Fjordane KrF sitt fylkesårsmøte på Skei (!). Likevel brukte vi innestemme når vi snakka til kvarandre, både før og etter kamera gjekk på.

Og kanskje like viktig – vi viste at demokratiet ikkje er berre for dei profesjonelle rikspolitikarane, partirådgjevarane og konsulentane. Det var fritidspolitikarane som samlast i rådhus, grendehus og kyrkjelokale for å diskutere KrF sitt retningsval. Dei var ikkje opptatt av analyser av veljarovergangar eller å seie at to ulike grå-nyansar er svart og kvitt - men av å gjere rett i ein krevjande situasjon. Som Morten Mykvoll i BT sa det: «I Noreg kan me sjå Agder KrF diskutere regjeringsvalet sitt på ein god og ryddig måte. I USA oppmuntrar presidenten til hat mot media og meiningsmotstandarar – sjølv når dei mottar bomber i posten. Eg likar vårt demokrati.»

Det var fritidspolitikarane som samlast i rådhus, grendehus og kyrkjelokale for å diskutere KrF sitt retningsval.

Prosessen i KrF viste ei breidde. Framover må begge sider av partiet hugse på at den andre trengs. No blir det viktig at dei som skal forhandle på vegne av oss får sett eit størst mogeleg gult fotavtrykk i regjeringsforhandlingane. Retningsval deler oss, kampen for eit varmare samfunn er det som sameinar KrFarane. På engelsk skriv dei av og til at «the proof of the pudding is in the eating», eg anar ikkje korleis ein kan omsette det til norsk. Poenget er likevel godt; for det er det politiske resultatet som skal målast. Vi treng eit parti som tar vare på røtene våre og som veit kva eit menneske er verdt.

Neste artikkel

Full bompengesplid mellom Venstre og Frp truer regjeringen