Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Budsjettsemje på billegsalg»

Godt på overtid vart Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti samde om statsbudsjettet for 2018. Det er rart å sjå at det er enklare å bli samde når Kristeleg Folkeparti og Venstre er i opposisjon, enn det var då dei hadde samarbeidsavtale med regjeringa.

Statsbudsjett: Det kan vera freistande å seie at distriktssatsinga til Venstre og Kristeleg Folkeparti kunne passa godt inn på «black Friday», skriv spaltisten. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix
Statsbudsjett: Det kan vera freistande å seie at distriktssatsinga til Venstre og Kristeleg Folkeparti kunne passa godt inn på «black Friday», skriv spaltisten. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Trond Giske, sa til Dagbladet at budsjettavtala viste at me har ei svakare regjering. Eg er ikkje samd med Giske i det. I alle fall ikkje om ein ser kva Venstre og Kristeleg Folkeparti har fått til på distriktsområdet. Der er det definitivt at dei to partia har vore på tilbodssida og seld seg billeg til regjeringa. Det kan vera freistande å seie at distriktssatsinga til Venstre og Kristeleg Folkeparti kunne passa godt inn på «black Friday».

Nationen gjorde seg heller ikkje særleg kostbare då avisa laga framsida om budsjettet, med overskrifta «Distriktsseire for KrF og Venstre». Under er det følgt opp med fire konkrete saker. Ser ein nærare på dei sakene, ser ein tydeleg at samarbeidspartia (som no ikkje heiter det, men som berre oppfører seg slik) ikkje har mykje å by på i distriktspolitikken. Her er dei fire skrytesakene:

1. «Frivillige beholder støtte». Det er rett at det ikkje vert noko kutt for dei frivillige organisasjonane. Dei hamna tilbake der dei var. Det gler meg. Det er vel tredje statsbudsjettet dei frivillige har jubla for å ha blitt redda av Venstre og KrF. Men ser ein på kva støtte til dømes 4H kan vente seg i 2018, er det langt bak dei vilkåra dei hadde i 2013. Støtta er eten i av manglande inflasjonsjustering og dei har mista dei gratis kontora dei hadde hjå Fylkesmennene. Sidan eg no har vorte oppfordra til å snakke om eigen politikk: Senterpartiet la inn ei monaleg satsing på organisasjonane i sitt alternative budsjett.

2. «Mer til flom og skredforebygging». Til dette føremålet er det i budsjettavtala sett av 100 millionar kroner meir. Det er berre ei lita ulempe for dei som les Nationen si framsida; det framstår slik at det blir satsa meir på dette tiltaket til neste år. Men regjeringa hadde kutta 100 millionar til føremålet i budsjettet sitt. Det vert som kjøpmannen som fyrst doblar prisane for så å lokke kundar med halv pris. Senterpartiet har i sitt alternative budsjett auka denne posten slik at det vert 100 millionar kroner i satsing til eit særs viktig føremål.

3. «Mer til utbygging av bredbånd». Her har dei fire partia blitt samde om ei satsing på 80 millionar kroner. Det er i seg sjølv nokså puslete og ikkje eit uttrykk for at ein ser kor viktig det er å sikra alle tilgang til breiband. Og på toppen av det heile: Når ein har dekka inn regjeringa sitt kutt så står det att om lag 10 millionar kroner til auka satsing på breiband. Det er ein tredjedel av kva partia har løyvd til symjeopplæring i barnehagar. Senterpartiet har i sitt alternative budsjett ei satsing utover regjeringa på 430 millionar kroner til føremålet.

4. «Bønder får 75 millionar kroner til omstilling.» Eg et glad for at partia fekk på plass ei løyving til dette. Det er for å kompensera noko for vedtaket om å gjera slutt på eksporten av Jarlsbergost og vedtaket om å gje EU større moglegheit til å eksportere mat til Noreg. I juni i fjor gjorde Stortinget vedtak om at det skulle koma slike tiltak. Det brydde ikkje landbruksminister Jon Georg Dale seg om. Eg fryktar likevel at satsinga både er for låg i kroner og for smalt innretta. Senterpartiet har lagt fram ei større pakke for å møta dette.

«Det vert som kjøpmannen som fyrst doblar prisane for så å lokke kundar med halv pris.»

Annonse

Så i sum så snakkar vi om ei satsing på distrikta som er på 85 millionar nye pengar. I eit statsbudsjett på 1.300.000 millionar kroner så er dette smått. Eit billegsal av eit slik kaliber såg eg ikkje i nokon butikk på «Black Friday».

Eg meiner sjølv etter budsjettavtala at dette er eit dårleg budsjett for distrikta og næringslivet i distrikta. På to år har dei fire partia auka reiselivsmomsen med 50 %. Det er alvorleg og lite føreseieleg for ei av våre viktigaste distriktsnæringar.

Så kan du som har lese dette kanskje tru at eg heilt har mista humøret. Det har eg ikkje. Eg kan smile lenge over tanken på at det no er vorte viktigare for Kristeleg Folkeparti å gjera saft dyrare enn å gjera øl og vin dyrare. Eg skal også røpe såpass at eg fann ei viss glede etter å ha lese den omtalte framsida av Nationen digitalt fekk sms om at partiutgåva av avisa var ein dag forseinka.

Men veljarane har sett saman dette stortingsfleirtalet så det er ikkje anna å gjera enn å kjempa. Og det kan eg lova at Senterpartiet skal gjera. Med godt humør.

Geir Pollestad er en av fem faste skribenter i Nationens spalte Fra Løvebakken. De andre fire er Lene Westgaard-Halle, Torgeir Knag Fylkesnes, Else-May Botten og Tore Storehaug.

Neste artikkel

Enighet om fortsatt stor avstand