Det er ein nedgang i funna av antibiotikaresistente bakteriar av typen ESBL i norsk kylling.

– Vi driv og gjer ferdig våre analysar no, men eg kan seie at funna våre til no indikerer ein nedgang, seier Anne Margrethe Urdahl, som er seniorforskar ved Venterinærinstituttet . Ho heldt føredrag på eit seminar om matproduksjon og antibiotikabruk i regi av GenØk – senter for biosikkerhet i Oslo denne veka.

Bakteriane som er kjent som ESBL er resitente mot antibiotikumet 3.-generasjons cefalosporiner. Dette er ein breispektra antibiotikatype som har status som kritisk viktig antibiotika i humanmedisin.

LES OGSÅ: Samler eksperter til seminar om antibiotikaresistens

Stiller krav

Det fullstendige oversynet over funn av antibiotikaresistente bakteriar hos norske produksjonsdyr og i norsk mat vil bli lagt fram når Norm-vet rapporten som overvakar antibiotikaresistens i mikrobar frå for dyr og næringsmiddel blir publisert i september.

– Industrien har sjølv gjort fleire ulike tiltak. Det handlar mellom anna at dei stiller nye kravved import av avlsdyr og at dei har settfokus på hygiene, seier Urdahl.

LES OGSÅ: Ås-forskar har funne middel mot resistent bakterie

Kontroll og rutinar

Ellen Flø Skagen, som er kommunikasjonsdirektør i Nortura omtaler funna som gode nyhende.

– Vi har sjølv sett gjennom våre målingar at tiltaka vi har gjort fungerer. Det er godt at det no også blir dokumentert av myndigheitene, seier Skagen.

Etter funn av ESBL i norske kyllingfiletar i 2014 vedtok næringa å fase ut bruken av det antimikrobielle middelet narasin i kyllingfôret innan 2016. Funna av ESBL den gongen vart sett i samanheng med import av avlsmateriale frå det skotske firmaet Aviagen. Nortura stiller no krav om at det ikkje skal bruke antibiotika i foret til det avlsmaterialet som blir brukt til Noreg.

LES OGSÅ: Vår viktigste medisin er i ferd med å bli ødelagt

Import

– Vi har jobba målretta med å stille krav til egga som blir importert via Sverige. Vi stiller krav til heile avskjeden for kyllingen om at det ikkje skal vere ESBL-produserande bakteriar, fortel Skagen.

Ho seier at det ikkje er snakk om ein vidunderkur.

– Vi har hatt eit nitdig fokus på alle små detaljar rundt smittevern og hygiene i heile verdikjeda. Vi har arrangert kurs for produsentane og dei har gode rutinar som for eksempel nedvasking mellom kvar innsetting av kyllingar, seier Skagen.

Ho understrekar at friske dyr og lågt forbruk av antibiotika er den viktigaste faktoren.

– Då er det ikkje naudsynt å bruke antibiotika til førebygging. Kun til behandling, seier Skagen.