Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rigmor Aasrud: – Ministeren snakkar med to tunger

Arbeidarpartiets Rigmor Aasrud skuldar næringsministeren for å dobbeltkommunisere om omstridd konkurranse-rapport.

Rigmor Aasrud bed regjeringa leggje vekk ein omstridd rapport om konkurranse. Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

SFO-pris på 10.000 i månaden og eit kraftig prishopp for kommunalt eigde svømmebasseng og offentlege kinoar. Ein ny rapport frå KS hevdar at det kan bli konsekvensen om regjeringa følgjer råda som blir gitt i den omstridde Hjelmeng-rapporten. Rappprten skulle føreslå nye konkurransereglar etter at overvakingsorganet ESA har stilt spørsmål ved norsk praksis.

Blanda signal

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen avviste i Nationen at regjeringa vil innføre nye kompliserte byråkratiske reglar. Han understreka at regjeringa vil leggje sunn fornuft til grunn i dei kommande forhandlingane. Arbeidarpartiets finanspolitiske talskvinne Rigmor Aasrud skuldar næringsministeren for å dobbeltkommunisere om spørsmålet.

– I budsjettproposisjonen som er sendt til Stortinget skriv næringsministeren at det er ei prioritert oppgåve å følgje opp Hjelmeng-utvalet. Om han hadde tenkt å ha ei pragmatisk tilnærming til spørsmålet, hadde han ikkje trengt å skrive det. For meg høyrest det ut som om ministeren snakkar med to tunger i denne saken.

Annonse

Urovekkande rapport

Aasrud seier den ferske rapporten frå KS stør opp om det som har vore Arbeidarpartiets innvendingar mot Hjelmeng-rapporten.

– Rapporten frå KS forsterkar mi uro for Hjelmeng-rapporten. KS-rapporten stadfestar den kritikken vi har fremja. Det handar om at det vil bli dyrare med kommunale tenster om ein skal begynne å skatteleggje dei, eller om du skal innføre eit prinsipp om å prise tenster etter det dei kostar, seier Aasrud.

Ho viser til at eit i internasjonalt selskap som vil etablere seg i den norske marknaden ikkje har plikt til å sette ein pris på tenesten som reflekterer kostnadsnivået.

Neste artikkel

Fleire EU-land vil ha hjelp mot matjuks