Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noreg innfører EU-regel nummer 10.000

I dag går EU-regel nummer 10.000 inn i EØS-avtalen. Samstundes står 560 nye reglar i kø for å verte innført i EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein.

Torsdag møtest EU-sida og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein i Brussel for å ta inn 60 nye EU-reglar i EØS-avtalen. Med det passerer talet EU-reglar som er tekne inn i avtalen 10.000. Foto: Colourbox

Torsdag møtest EU-sida og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein i Brussel for å ta inn 60 nye EU-reglar i EØS-avtalen. Med det passerer talet EU-reglar som er tekne inn i avtalen 10.000, ifølgje EFTA-sekretariatet.

Blant reglane som vert innførte i avtalen torsdag, er eit direktiv som skal styrke rettane til supplerande tenestepensjon for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande som skiftar arbeid på tvers av landegrensene i EØS-området. Noreg, Island og Liechtenstein innfører også eit nytt direktiv om prioriterte stoff i vassforvaltinga, under EUs vassdirektiv.

EØS-avtalen

Inneber at EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein deltek på lik line med EU-land i EUs indre marknad.

Er dynamisk, som betyr at nye reglar for den indre marknaden skal utformast og gjerast gjeldande for heile EØS-området fortløpande.

Så langt i år er det innført 347 nye EU-reglar.

25. september 2014 passerte det totale talet EU-reglar som er tekne inn i EØS-avtalen 10.000.

Om kort tid innfører dei tre landa også EUs plantevernmiddelregelverk, som i alt utgjer 136 nye EU-reglar. Med innføring av plantevernmiddelforordninga fell dagens nasjonale godkjenningsordning for plantevernmidlar vekk, og Noreg vert ein del av eit regelverk som har strengare kriterium for miljøvern, men svakare helsekriterium enn dagens norske reglar, ifølgje Mattilsynet.

Postdirektiv på vent

Etter torsdagens møte mellom EU og EFTA, kjem det til saman til å ha vorte innført 10.055 EU-reglar i EØS-avtalen sidan den tok til å gjelde i 1994. Inntaket av nye reglar er intensivert dei siste åra, etter at EU-kommisjonen i 2011 kravde fortgang i innføringa av fleire hundre reglar som allereie hadde teke til å gjelde i EU-landa.

Tore Grønningsæter, som er informasjonsrådgjevar ved EFTA-sekretariatet, seier det i 2012 og 2013 vart innført til saman 886 EU-reglar i avtalen, mot eit snitt på rundt 300 per år i åra før. Så langt i år, er det innført 347 reglar, før plantevernmiddelregelverket vert inkludert.

Til saman står det framleis over 560 nye reglar i kø for å takast inn i avtalen.

Annonse

Blant desse er EUs tredje postdirektiv, som opnar for fri konkurranse på ombering av brev under 50 gram, og som er tredje steg på vegen mot full konkurranse på frakt av brev og pakkepost i EU- og EØS-området. Direktivet, som den norske regjeringa vil innføre, er ikkje endeleg godkjent av EFTA-partnar Island enno.

Ikkje semje om finanstilsyn

EFTA-landa og EU har heller ikkje kome til semje om korleis Noreg, Island og Liechtenstein skal kunne knyte seg til EUs nye tilsynsorgan for finansmarknaden.

EUs nye system for finanstilsyn vart etablert for å styrkje kontrollen med finansmarknaden etter finanskrisa og inkluderer tre nye overnasjonale byrå, som held tilsyn over banknæringa, forsikrings- og arbeidspensjonsordningar og verdipapirmarknaden. Byråa skal bidra til at EU-regelverk vert gjennomført likt i alle medlemslanda og skal koordinere tiltak i krisesituasjonar. Dei har også makt til å fatte vedtak med direkte verknad overfor nasjonale finansinstitusjonar som ikkje følgjer EU-lovgjevinga.

Ifølgje lovavdelinga i det norske Justisdepartementet ville eit vedtak frå EUs tilsynsbyrå overfor ein norsk finansinstitusjon i realiteten innebere ei overprøving av Finanstilsynet.

Som Nationen har skrive om tidlegare, har partane diskutert korvidt EFTAs overvakingsorgan ESA skal få tilsynsmakt over norske finansinstitusjonar.

Berre halvparten gjeld i dag

Samstundes som det er teke inn 10.055 EU-reglar i EØS-avtalen på 20 år, er det i dag berre rundt 4500 av desse som er i kraft. Grønningsæter ved EFTA-sekretariatet seier det skuldest at ein del av EU-rettsaktene som er tekne inn har innebygd tidsavgrensing. I tillegg er det slik at når ulike EU-reglar er endra eit stort tal gonger, så vert det laga nye og samlande reglar som erstattar dei gamle.

– EU har også forsøkt å samle enkeltståande rettsakter i større rammeverk, for på den måten å gjere EU-retten meir oversiktleg for folk og bedrifter, seier Grønningsæter til Nationen.

Neste artikkel

Ny lakseavtale mellom Norge og Kina