Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noreg i mål med viktig brexitavtale

Noreg og Storbritannia er i realiteten i mål med ein avtale om rettane til nordmenn og britar, opplyser utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

– Vi er no i realiteten i mål med ein avtale med Storbritannia om korleis vi skal vidareføre rettane til dei rundt 20.000 nordmennene som bur i Storbritannia, og dei 15.000 britane som bur her i landet, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) torsdag i si faste halvårige utgreiing til Stortinget om viktige EU- og EØS-saker.

Avtalen sikrar ifølgje henne same rettar og plikter som er avtalt mellom EU og Storbritannia.

Den vil formelt kunne bli inngått så snart skilsmisseavtalen mellom Storbritannia og EU er formelt inngått.

Annonse

Storbritannia og Noreg er samtidig einige om at norske og britiske borgarar skal sikrast også viss Storbritannia og EU ikkje klarer å bli einige om ein avtale.

©NPK

kari@npk.no

Neste artikkel

Brexit: Norge og Storbritannia enige om kriseavtale