Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jusprofessor Finn Arnesen avviser omkamp i anbodsrunde-saka

Høgsterett sendte omstridd sak tilbake til Efta-domstolen. No er saken utsett fordi ein dommar vart sjuk. Jusprofessor Finn Arnesen avviser at det er ein omkamp på gang.

Finn Arnesen, professor i europarett ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO
Finn Arnesen, professor i europarett ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Det starta med ein strid om erstatning etter ein mislukka anbodsrunde på eit fergesamband over Trondheimsfjorden. Sidan har det utvikla seg til eit EØS-rettsleg drama i mange akter.

Efta-domstolen skulle gjennomføre høyring i saka i mars. Den er no utsett til mai.

Nationen skreiv sist veke at årsaken til utsettinga er at ein av dommarane ikkje var tilgjengeleg. Det får Carl Baudenbacher, tidlegare president i for Efta-domstolen, til å reagere.

– Det har aldri tidlegare hend at ei sak har blitt utsett. Sjukdom hos ein av dommarane er ikkje god nok grunn til å utsette ei sak, seier Baudenbacher til Nationen.

Han viser til at alle medlemslanda har oppnemd to reservedommarar som kan bli kalla inn dersom den faste dommaren ikkje kan møte.

– Gode grunnar

Finn Arnesen, som er professor i juss ved Universitetet i Oslo og ekspert på europarett, seier det truleg er gode grunnar til å utsetje saken.

– Det er truleg gode grunnar til at ein vel å utsetje saken. Eg har forstått det slik at ein dommar er sjukmeld. Han er den einaste dommaren som var med på den første avgjerda. Sjukmeldinga kom vel brått på, så det var neppe tid til å kalle inn ein reservedommar, seier Arnesen til Nationen.

– Høgsterett stillar andre spørsmål enn lagmannsretten. Det at saka bli sendt til domstolen på nytt blir jo også løfta fram av Efta-domstolen som eit "excellent example" på juridisk dialog.

Arnesen karakteriserer Efta-domstolens første avgjerd i saka som "dårleg juridisk handtverk".

– Det handlar om korleis dommen var bygd opp. Kritikken var retta mot den indre konsistensen i dommen og korleis den forheldt seg til EU-domstolen sin praksis. Kritikken var ikkje like mykje retta mot konklusjonane i dommen.

Annonse

– Ingen omkamp

Arnesen avviser at det at saken blir sendt tilbake betyr at Høgsterett tek ein omkamp om avgjerda.

– Når avgjerda frå domstolen vart slik ho vart er det posititvt at høgsterett spør på nytt. Eg les ikkje dette som ein omkamp om den første dommen.

– Men det er mange andre som ser det som ein omkamp?

Ferjesambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes i Sogn og Fjordane. Foto: Janne Grete Aspen
Ferjesambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes i Sogn og Fjordane. Foto: Janne Grete Aspen

– Det må dei gjerne gjere, men ein treng ikkje lese det slik. Dei spørsmåla som er sendt frå Høgsterett er ikkje dei same som lagmannsretten sendte. Dei er spissa meir. Ein drar også inn avgjerder som Efta-domstolen ikkje var merksame på då dei laga sin dom, og ei avgjerd frå EU-domstolen som kom etter at Efta-domstolen kom med sin dom.

Carl Baudenbacher, tidlegare president i Efta-domstolen, har omtalt høgsterett sitt val om å sende saka i retur til Efta-domstolen som "slutten på rettsstaten".

– Baudenbacher, tek munnen svært full når han seier at det å sende saka tilbake til Efta-domstolen er slutten for rettsstaten. Det er heller ikkje uvanleg at EU-domstolen får fleire spørsmål og tek fleire rundar i same sak.

Erstatningssak

Den juridiske usemja er knytt til det som i lova heiter erstatning for positiv kontraktsinteresse. Den som har rett til erstatning for positiv kontraktinteresse får utbetalt den bruttofortenesten han ville ha fått om han hadde vunne kontrakten. Erstatningssummane kan difor bli svært høge.

Fosen Lagmannsrett bad Efta-domstolen om råd i 2017. Lagmannsretten valde å sjå bort frå rådet frå Efta-domstolen. Sidan vart lagmannsretten si avgjerd anka til Høgsterett. Høgsterett bad Efta-domstolen om eit nytt råd. Høgsterett gjorde det denne veka kjent at dei utsett si behandling av saken som følgje av at saken er utsett i Efta-domstolen.

Den juridiske tautrekkinga har fått fleire kommentatorar til å ta store ord i bruk. Sist veke sa Tarjei Bekkedal, som er professor i juss ved Universitetet i Oslo til Nationen at no står sjølve legitimiteten til Efta-domstolen er i spel.

Neste artikkel

Advarer mot «stemmer som vil stenge Norge inne»