Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ingen brexit-effekt på hurtigruta

Medan norsk næringsliv nesten held pusten før Storbritannia går ut av EU 29. mars i år, har Hurtigruten is i magen. Selskapet har gode bookingtal og merkar førebels ikkje noko til verken brexit eller marknadsuro, skriv E24.

Førebels er det ingen brexit-effekt for reiarlaget Hurtigruten. Foto: Inger R. Kristiansen / NPK

– Vi har kjempeoppgang frå den britiske marknaden og har aldri hatt fleire britar om bord, fortel konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten til E24.

Reiarlaget driver både ein omfattande kommersiell cruiseverksemd i tillegg til den tradisjonelle kystruta langs norskekysten, og lever av at turistar frå ein rekke land ønsker å oppleve hav og natur på nært hald.

Annonse

Konsernsjefen fortel at dei ikkje merkar nedgang i tingingane av reiser eller andre effektar frå brexit og marknadsuro, frå verken Storbritannia eller andre marknader.

– Vi har eit stort kontor i London og i Seattle, men vi er ikkje ramma av brexit. Skulle vi bli ramma av noko, måtte det vere at optimismen i marknaden fall, men det har vi ikkje sett, seier Skjeldam vidare.

Neste artikkel

May presenterer revidert brexitplan i Parlamentet