Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Heimssýn: – Acer har ingen vener på Island

Haraldur Olafsson i islandske Heimssýn vil be presidenten stoppe vedtaket dersom det islandske alltinget seier ja til EUs tredje energimarknadspakke.

Haraldur Olafsson i organisasjonen Heimssyn vil be presidenten stoppe vedtaket viss dt islandske alltinget seier ja til EUs tredje energimarknadspakke. Foto: Lars Billit Hagen
Haraldur Olafsson i organisasjonen Heimssyn vil be presidenten stoppe vedtaket viss dt islandske alltinget seier ja til EUs tredje energimarknadspakke. Foto: Lars Billit Hagen

Nationen melde nyleg at den islandske utanriksministeren og EUs energikommissær har lagt fram ei felles erklæring om EUs tredje energimarknadspakke. Der det står det at Island skal stå utanfor samarbeidet gjennom energiregulatorbyrået Acer og at forordningane om grensekryssande krafthandel skal ikkje skal gjelde for Island.

Det islandske Alltinget har ikkje røysta over energimarknadspakken. Spørsmålet har skapt kontrovers i islandsk politikk.

Det norske Stortinget sa ja i fjor. Men for at energimarknadspakken skal gjelde, må alle EØS-landa slutte seg til.

Villspor

– Vi fryktar at erklæringa leier folk på villspor. Det er uklart for oss kva vekt vi skal leggje på den. Det er ei erklæring. Kva vil den bety i EU-domstolen? Vi er i tvil om det vil bety noko som helst når alt kjem til alt. EU-kommisjonen ønskjer ikkje unntak frå regelverket, seier Haraldur Ólafsson.

Han er leiar i organisasjonen Heimssýn, som arbeider mot islandsk medlemskap i EU. Han seier han trur erklæringa er mest mynta på det islandske heimepublikumet.

– Til no har ikkje erklæringa fått mykje merksemd i Island. Men meiningsmålingar vi har gjort viser at det er stort fleirtal imot Acer her, seier Ólafsson.

Vi fryktar at erklæringa leier folk på villspor.

Haraldur Ólafsson, leiar i Heimssýn

Laga ei eiga måling

Olafsson fortel at Heimssýn har gjennomført ei meiningsmåling der dei spurde om Island bør overføre makt i energispørsmål til EU. Der svarte 100 prosent av veljarane til Islands grøne parti nei.

92 prosent av dei konservative veljarane svarte nei.

98 prosent av veljarane til det islandske søsterpartiet til det norske Senterpartiet, sa nei. Dei sosialdemokratiske veljarane var minst negative. Der svarte 63 prosent nei.

– Denne saken har omtrent same status på Island som Icesave-saken. Folk meiner viktige nasjonale interesser står på spel. I Icesave-saken stod det om eit og eit halvt statsbudsjett. Denne gongen handlar det om makta over ein av dei to største naturressursane våre, seier Olafsson.

Vil be om folkerøysting

Alltinget har utsett saka fleire gongar, men det er venta at saka skal opp om kort tid.

– Vi håpar at dei droppar saka, seier Ólafsson.

Han fortel at organisasjonen skal møte den islandske presidenten Guðni Th. Jóhannesson for å diskutere EUs tredje energimarknadspakke. Der vil dei be presidenten om å stoppe saken dersom alltinget seier ja til energimarknadspakken.

– Vi meiner det er i strid med grunnloven vår å seie ja. Vi kjem også til å seie at det er imot folkeviljen. Om Alltinget gjer vedtak, kan presidenten velje å ikkje skrive under på det og gjennomføre ei folkerøysting om saka. Vi vil be han om å gjennomføre ei folkerøysting.

Olafsson seier han reknar med at det i så fall vil bli eit stort fleirtal imot.

– Acer har ingen vener i Island, seier Ólafsson.

Fakta

Eus tredje energimarknadspakke

Acer er eit EU-byrå for samarbeid mellom energireguleringsmyndigheitene i EU.

Byrået spelar ei nøkkelrolle i integreringa av elektrisitet og naturgass i EU og stiller opp eit rammeverk for samarbeid mellom dei nasjonale regulatorane.

Byrået vart oppretta i 2009 som del av EUs tredje energimarknadspakke.

Stortinget sa ja til å knyte Noreg til Acer i mars i 2018.

Saka var omstidd politisk både på grunn av innhaldet i samarbeidet og på grunn av spørsmål knytt til Grunnloven og suverenitet.

Neste artikkel

Regjeringen får både skryt og kjeft for nytt EØS-utvalg