Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fryktar for fiskeeksporten ved brexit

Fiskerinæringa fryktar at fersk fisk skal rotne på grensa dersom det blir ein såkalla hard brexit.

Uvissa kring brexit skaper uro i sjømatnæringa. Foto: Sjømat Norge

Norsk sjømatnæring eksporterte fisk til Storbritannia for 6 milliardar kroner i fjor, skriv NRK. Uvissa kring brexit skaper uro i næringa.

– Storbritannia er den viktigaste marknaden vår i Europa. Brexit skaper uvisse både når det gjeld eksport, import, valutasvingingar og britisk kjøpekraft. Faren umiddelbart er sjølvsagt kaos på grensa der trafikken i dag flyt fritt. Eit heilt apparat for grensekontroll skal på beina, det kan gi lange køar. Skrekkscenarioet er at konteinarar med fisk fordervar på grensa, seier administrerande direktør i Brødrene Sperre AS, Inger Marie Sperre.

Annonse

Noreg har inngått ein mellombels avtale med Storbritannia dersom dei går ut av EU utan ein avtale, ein såkalla hard brexit.

– Dette er ein svært viktig avtale som regulerer dei viktigaste områda for norsk næringsliv. Vi har gjort det vi kan, men uvissa i næringslivet er heilt reell og det er mykje som ligg utanfor vår kontroll, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

(©NPK)

Neste artikkel

EU og Storbritannia enige om å fortsette brexitsamtaler