Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

ESA vil granske mogleg offentleg støtte til veglys i Bergen

EØS-tilsynet ESA skal undersøke om Bergen kommune har gitt EØS-stridig støtte til drift av veglys i Bergen.

Lysa langs vegen i Bergen kan vere finansiert gjennom ulovleg statsstøtte. No skal ESA undersøke saken. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

ESA, som skal sjå til at regelverket Noreg er plikta til å følgje på grunn av EØS-avtalen, opnar ei formell undersøking for å finne ut om det er delt ut ulovleg støtte i samband med drifta av veglys i Bergen. Det melder ESA i ei pressemelding.

Handelsorganisasjon klaga

Undersøkinga kjem i gang etter at ESA fekk ei klage frå handelsorganisasjonen Nelfo. No skal ESA undersøke om Bergen kommune har betalt for mykje til energiselskapet BKK for drift og vedlikehald av veglys i kommunen.

Fordelar

ESA skal finne ut om Bergen kommune har betalt meir enn det som er marknadspris til BKK. Har dei gjort det, kan det ha gitt BKK det som etter regelverket i EØS-avtalen er ein "urettmessig fordel".

Annonse

ESA skal også undersøke om Bergen kommunes finansierting av 12.000 LED-armaturar og andre investeringar i veglysinfrastrukturen er offentleg støtte. Det går fram av pressemeldinga frå ESA.

ESA presiserer at sjølv om det er opna ei formell undersøking som skal klargjere om transaksjonane er i tråd med statsstøttereglane, så er ikkje det endelege utfallet i saken klart.

ESA skal i første omgang hente inn meir informasjon frå norske styresmakter, og frå tredjepartar med interesse i saken.

BKK har eigd veglysinfrastrukturen i Bergen etter at selskapet kjøpte opp det kommunalt eigde selskapet Bergen Lysverker i 1996.

Fakta

ESA

Er tilsynsorgan for EØS-avtalen.

Skal passe på at Noreg, Island og Liechtenstein gjennomfører og følgjer opp regelverket i EØS-avtalen.

Er uavhengig av medlemsstatane og skal sørgje for at verksemder og privatpersonar sine rettar etter EØS-avtalen blir teke omsyn til.

har hovudkontor i Brussel.

Neste artikkel

Regjeringen vil ikke lukke døra for argentinsk biff i norske butikker