Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– EØS-avtalen har endra karakter

Regjeringa sine juristar sa at å knyte Noreg til Acer ikkje var å avstå suverenitet. Jussprofessor Hans Petter Graver kallar prosessen «svært politisert».

Jusprofessor Hans Petter Graver seier vurderingane av grunnloven i Acer-saken var svært politisert.Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Nei til EU varslar søksmål mot Statsminister Erna Solberg etter Stortingets vedtak om å knyte Noreg til EUs energibyrå Acer. Bakgrunnen er at Stortinget ikkje vurderte tilslutninga til Acer som ei suverenitetsavståing etter Grunnlovens paragraf 115. Organisasjonen meiner difor at vedtaket ikkje er gyldig.

– Eg har ikkje vurdert prosedabiliteten (vurdering av om det er mogleg å vinne fram med saka red. anm.) Vi har jo aldri hatt ein slik sak før. Men eg meiner det er grunn til å stille spørsmål ved vurderinga som vart gjort då Stortinget valde å vurdere saka etter paragraf 26 i Grunnloven, seier Hans Petter Graver, som er professor i juss ved Universitetet i Oslo. Han har laga ei juridisk utgreiing om Grunnlovens paragraf 115 og Acer på oppdrag for Nei til EU. Organisasjonen har landsmøte denne helga.

Politisert vurdering

– Tilnærminga til desse spørsmåla har vore svært politisert i Noreg. Difor er det eit ope spørsmål om domstolane vil gå inn for å overprøve regjeringa si vurdering av saka, seier Graver.

Grunnlovens paragraf 26 blir brukt i tilfelle der avståing av suverenitet blir vurdert som «lite inngripande». Paragrafen krev vanleg fleirtal. Grunnlovens paragraf 115 blir brukt i saker der landet avstår suverenitet. Paragrafen krev 3/4 fleirtal. Jussprofessorane Halvard Haukeland Fredriksen, Eirik Holmøyvik og Eivind Smith, som alle er ekspertar på Grunnloven, var kritiske til den juridiske vurderinga som låg til grunn for behandlinga spørsmålet om Acer i Stortinget.

I dag er gjennomføringa på mange område frikopla frå nasjonale myndigheiter.

Hans Petter Graver, jusprofessor

Styrar gjennom byrå

I utgreiinga si trekkjer Graver fram framveksten av uavhengige byrå i EU. EU har i dag 40 byrå. 29 av desse byråa har blitt oppretta etter at Noreg gjekk inn i EØS-samarbeidet i 1994.

– Avtalen har endra karakter. Det store biletet er annleis enn det var då avtalen vart inngått, seier Graver.

Annonse

Graver viser til at nasjonale fagorgan på stadig fleire område går inn byrå på ein måte som gjer at dei både for rolle som nasjonal forvaltning og EU-forvaltning. EU overfører dermed «omfattande myndigheit frå leiinga av det nasjonale forvaltningsapparatet til EUs organer og forvaltning». Denne utviklinga gjeld også EØS-avtalen, sikriv Graver.

– Etter at Noreg gjekk inn i EØS, har EU gått bort frå eit system der gjennomføringa av politikken var underlagt nasjonal kontroll. Tidlegare var traktatbrotssøksmål den einaste måten staten kunne bli stilt til ansvar for gjennomføring av politikken. I dag er gjennomføringa på mange område frikopla frå nasjonale myndigheiter. Styringa føregår på EU-nivå gjennom byrå, seier Graver.

Kathrine Kleveland er leiar i Nei til EU. No vil organisasjonen saksøke staten. Foto: Nei til EU

Ein million

– Nok er nok, kampen for suvereniteten er ikkje over. Difor går Nei til EU til søksmål mot staten ved statsminister Erna Solberg. Acer-saka vart ikkje behandla i tråd med Grunnloven som den suverenitetsavståinga det er, seier Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU.

Organisasjonen har samla inn ein million kroner til no.

– Vi er takknemleg for at så mange har støtta oss. Det handlar om at EUs energibyrå skal ta avgjerder om kraftpolitikken vår med direkte verknad for Noreg.

Neste artikkel

– Brexit en advarsel til norske EØS-motstandere