Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bakmennene dømt til fengsel

To menn er dømt til fengsel for å selje hestekjøt som storfekjøt, i den såkalte Horsegate-saka. Franske Foodwatch seier forholda ligg til rette for ny matskandale i EU.

Det var funne hestekjøt i fleire ferdigprodukt frå Findus i 2013, mellom anna i lasagna. Bakmennene er no dømt. Foto: Mostohotos

Det var i 2013 det vart kjent at det franske kjøtselskapet Spanghero hadde seld hestekjøt som var feilmerkt som storfekjøt.

Kjøtet vart vidareseld til selskapet Comigel som produserer ferdigrettar for mellom anna ICA, Coop og Axfood i Sverige, Norgesgruppen, dei tyske matkjedene Real og Aldi, den britiske matkjeda Tesco, det danske selskapet Tulip og Findus. I Noreg vart det funne hestekjøt i First Price-lasagna frå Norgesgruppen.

Fengsel og forbud mot å jobbe i industrien

Seks månader i fengsel var straffa den tidlegare direktøren i Spanghero, Jaques Pujol, fekk då dommen fall.

Pujol har også fått forbod mot å jobbe i den franske kjøtindustrien dei neste to åra. Saka vart etterforska i fleire europeiske land, men dommen fall i ein fransk domstol.

Annonse

Den nederlandske kjøthandlaren Johannes Fasen fekk ein dom på to år. Dommen slår også fast at Fasen ikkje lenger har rett til å jobbe i den franske kjøtindustrien.

Ikea stogga alt sal av sine kjøtboller etter at det vart funne hestekjøt i kjøttbollane i 2013.Foto: JOHANNES CLERIS / NTB scanpix

Kritikk mot dommen

To andre personar har fått betinga dommar. Det melder nettstaden Food Navigator.

Foodwatch France seier straffa er for mild. Organisasjonen viser til at Spanghero skal ha tent 1,9 million euro på å selje hestekjøt merkt som storfekjøt i perioden frå februar til desember 2012.

"Spanghero-rettsaken sender berre eit svakt signal. Seks år etter hestekjøt-skandalen er ingrediensane som skal til for å få ein ny skandale framleis til stades. Manglande gjennomsiktigheit, låg sporbarheit og mangel på myndigheiter som følgjer saka," heiter det i ei pressemelding frå organisasjonen.

Neste artikkel

Larveriet kravlar oppover – utvidar produksjonen