Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Austerrike kuttar i barnetrygda for austeuropearar

EU-kommisjonen går til sak etter at Austerrike halverte barnetrygda for rumenarar. - Vi er glade for at Austerrike utfordrar EU, seier Frps Erlend Wiborg.

Erlend Wiborg (Frp) er spent på utfallet av tvisten mellom Austerrike og EU. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Frå 1. januar kutta Austerrike barnetrygda for austeuropeiske familiar. EU-kommisjonen opnar no traktatbrotsak mot landet.

Kuttet vil ramme rundt 150.000 barn som bur utanfor Austerrike, men har minst ein forelder som arbeider i landet. Ifølgje nyhendebyrået DPA reknar Austerrike med å spare rundt 100 millionar på kuttet.

Godt tiltak

– Vi synest dette er eit godt og rett tiltak. Det er dette vi ønskjer å gjere. Vi har også sett at Tyskland og Storbritannia har etterlyst liknade tiltak. Vi er glade for at Austerrike utfordrar EU i denne saken, seier Erlend Wiborg (Frp). Han er leiar i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. Wiborg seier partiet vil følgje prosessen i EU med stor interesse.

Vi er glade for at Austerrike utfordrar EU i denne saken

Erlend Wiborg, leiar i Arbeids- og sosialkomiteen

I Granavolden-plattformen står det at regjeringa skal arbeide for å "begrense og stanse eksport av velferdsytelser, blant annet arbeide for aksept i EU for kjøpekraftjustering av velferdstytelser."

– Vi vil unngå utnytting av norske velferdsordningar. Frp meiner norske velferdsytingar bør gå til norske borgarar og dei som bur her, seier Wiborg.

Per Olaf Lundteigen (Sp) vil ikkje kutte i barnetrygda for arbeidsinnvandrarar. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Vil ikkje kutte

Senterpartiets Per Olaf Lundteigen deler ikkje Wiborgs syn.

– Barnetrygda er små beløp. Dei store beløpa er knytt til pensjon og arbeidsløysetrygd. Eg har merka meg at regjeringa seier dei vil sjå på moglegheitene for å avgrense trygdeeksporten, seier Lundteigen. Han sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

Annonse

Lundteigen viser til at omlag 17 millionar EU-borgarar er å rekne som såkalla "utstasjonert arbeidskraft" og at omfanget stadig aukar.

Enkelte vil både ha stor arbeidsinnvandring og kutte i trygd og velferdsytingar til arbeidsinvandrarar.

Per Olaf Lundteigen, Senterpartiet

– Vi ønskjer å regulere arbeidsinnvandringa. Der får vi moststand både frå Ap, Høgre og Frp. Eg synest det er verd å merke seg at enkelte både vil ha stor arbeidsinnvandring og kutte i trygd og velferdsytingar til arbeidsinvandrarar. Det er ikkje vår politikk. Vi ønskjer heller å regulere arbeidsinnvandringa, seier Lundtgeigen.

Skarp kritikk

Barnetrygdkuttet har fått særleg skarp kritikk frå austeuropeiske EU-parlamentarikarar.

– Tiltaket vil treffe familiane frå Visegrád-landa ekstremt hardt, sa Jan Richter, som er sosialminister i Slovakia og talsmann for Visegrád-landa ( Polen, Ungarn, Tsjekkia og Slovakia journ. anm), i følgje den austerrikske avisa Die Presse.

Regjeringa i Austerrike kallar kuttet indeksjustering. Ein austerrikisk familie får i dag 172 euro i barnetrygd for ein treåring. Ein rumensk arbeidsinnvandrar med barn i Romania får halvparten, 85 euro.

Viktig valkampløfte

Å kutte barnetrygden var eit av dei fremste valkampløfta til det konservative regjeringspartiet ÖVP og koalisjonspartnaren, det høgrepopulistiske FPÖ. Så langt har kanslar Sebastian Kurz avvist kritikken frå EU. Landets familileminister, Juliane Bogner-Strauss, har varsla at Austerrike er klar til å la EU-domstolen avgjere saka.

Forhandlar i Brussel

EU er i desse dagar inne i sluttspurten på sine forhandlingar om endringar i trygdeforordninga. Både Danmark, Austerrike, Irland og Tyskland har ønskt å drøfte ei indeksjustering av trygdeytingane. Dette har blitt avvist av dei andre EU-landa.

Den danske statsministeren Lars Løkke Rasmussen har ifølgje den danske avisa Berlingske Tidende avvist å gjere liknande vedtak som Austerrike.

Neste artikkel

Fleire EU-land vil ha hjelp mot matjuks