Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Vi unner EU-bøndene ein matmaktsiger no»

Har EU matmakt? Har EU vilje til å bruke den makta? No kjem snart svaret.

EUs landbrukskommissær Phil Hogan, som kjem frå Irland, er ein forkjempar for eit matmaktdirektiv. Foto: Borut Zivulovic
EUs landbrukskommissær Phil Hogan, som kjem frå Irland, er ein forkjempar for eit matmaktdirektiv. Foto: Borut Zivulovic

– Dette er sjansen vi har til innføre ei EU-lov om uheldig handelspraksis i verdikjeden for mat. Slik konkluderte EU-parlamentarikar Paolo de Castro då han sist veke traff EU-bøndene og samvirka i landbruksorganisasjonsparaplyen COPA-COGECA.

Han er saksordførar for forslaget om å regulere uheldig handelspraksis (UTP) mellom leverandørar og daglegvarekjeder. Forslaget blir diskutert i EU-parlamentet denne veka, samtidig med at vi her i Noreg ventar på regjeringa si oppfølgjing av stortingsvedtaket om å innføre Lov om god handelsskikk med tilsyn. For sein betaling, avbestilling på kort varsel og einsidig endring av avtaler er mellom praksisane direktivet vil til livs, ikkje ulikt det norske lovforslaget. Etter mange års kamp frå bønder og leverandørar ser det endeleg ut til at EU kan samlast om eit direktiv. 20 medlemslanda har allereie innført eigne lover om god handelsskikk. Finland får truleg ei lov frå nyttår. No meiner mange det er på høg tid å få ei regulering også på EU-nivå.

Landbrukskommissær Phil Hogan har vore ein forkjempar for ei slik regulering, som han meiner er nødvendig for å styrke bonden sin posisjon i verdikjeda for mat. I vår kom endeleg lovforslaget, som bøndene og samvirka såg som ein siger. Men det var eit skor i gleda: Direktivet skulle verne om berre små og mellomstore leverandørar, noko som gjer at samvirkeorganisasjonar over heile EU ikkje får glede av lovgjeving. Dette er det største stridspunktet når direktivforslaget no går sin gang til Parlamentet og Rådet.

Landbrukskommissæren ville helst at direktivet skulle dekke alle leverandørar, men ikkje alle andre kommissæra var samde. Hadde han pressa for hardt, kunne han risikert at det ikkje vart lagt fram eit direktivforslag i det heile. No sit Parlamentet med same dilemma: Skal dei presse på for å få utvida direktivet til å gjelde alle leverandørar, eller skal dei nøye seg med eit minimumsdirektiv som kan bli utvida seinare. Blir ikkje direktivet vedteke no, kan det bli lenge til neste gong sjansen byr seg. Til våren er det val i EU, og nytt Parlament og ny Kommisjonen er truleg ikkje så positive til å innføre regulering av matmakta på EU-nivå. Noverande landbrukskommissær og parlament er sterke pådrivarar for ei Lov om god handelsskikk. Går ikkje direktivet igjennom, kan forslaget bli lagt på fryselager.

Annonse

Går ikkje direktivet igjennom, kan forslaget bli lagt på fryselager.

Paolo de Castro vil ta sjansen og foreslå utviding av direktivet. Men han er usikker på kva medlemslanda i Rådet vil gjere.

– No er det viktig at de jobbar med regjeringane dykkar, formante de Castro bøndene og samvirka i Copa-Cogeca. Nordiske regjeringar og Storbritannia har vore kritisk til ei omfattande regulering på EU-nivå. Den svenske Riksdagen meiner det foreslåtte direktivet strir mot nærleiksprinsippet i EU, altså at avgjerder skal takast på lågast mogleg nivå. Funna i ein fersk rapport frå Konkurranseverket som viste at det var brot på god handelsskikk også i Sverige har tydelegvis ikkje imponert. Storbritannia har også av ein eller annan grunn sett seg på bakbeina. Dette er landet som har vore førebiletet for heile Europa etter at dei i 2013 fekk ei ombodskvinne som snudde om på heile kulturen for matmakt i Storbritannia. Kanskje er det frykta for at det nye direktivet skal røre ved det nasjonale systemet som ligg bak.

– Men dei er jo uansett på veg ut, så det er jo dumt om dei øydelegg for vårt direktiv, slår de Castro fast. Spenninga blir ikkje utløyst før nærare jul. Etter at Parlamentet har sagt sitt, skal Rådet (medlemslanda) handsame saka, og så må dei tre EU-institusjonane bli samde. Dette er ein sigar bøndene og samvirka verkeleg kan trenge. Det har ikkje vore ein enkelt halvår for EU-bøndene. EU hadde lite å tilby EU-bøndene som var ramma av tørken, borsett frå litt tidlegare utbetalingar og lemping på enkelte produksjonsreglar. Enkeltlanda kan gi støtte, men innan strenge reglar.

Bønder i fattigare land fryktar konkurranseulempe. No ynskjer mange betre erstatningsordningar og marknadsregulering. 200-300 danske bønder er venta å legge ned drifta etter tørkesommaren. Framtidas landbrukspolitikk ser heller ikkje lys ut. Kommisjonen foreslo i vår eit kutt på 5 prosent i landbruksbudsjettet frå 2021 for å fylle holet etter Brexit. Medrekna inflasjon kan kuttet bli 15 prosent. Vi unner EU-bøndene ein matmaktsiger no. Så får vi håpe inspirasjonen når heilt til Noreg og gir ei rask oppfølgjing av Stortingets forslag til lov og tilsyn.

Neste artikkel

EU-domstolen toger fram