Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-modellen er dårleg tilpassa norske klimautslepp

Det er utruleg viktig at regjeringa gjer ein god jobb i Brussel.

Den nye EU-klimaplanen er ikkje tilpassa norsk kvardag, skriv EU-spaltist Hildegunn Gjengedal. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Den nye EU-klimaplanen er ikkje tilpassa norsk kvardag, skriv EU-spaltist Hildegunn Gjengedal. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Etter lange og harde dragkampar vart EUs kuttplan for klimagassar endeleg vedteken i vår. Den finske regjeringa jobba knallhardt for sine bønder og skogeigarar så dei slapp å fryse skogsdrifta. Det kan bli minst like tøft for norske bønder både på skogsida og jordbrukssida når regjeringa no forhandlar med EU om felles gjennomføringa av klimakutt.

Norsk industri og oljeproduksjon er allereie del av EUs klimakvotepolitikk. Men for sektorane som ikkje er med i kvotesystemet, forhandlar vi fyrst no med EU om felles reduksjon av klimagassar for å nå måla i klima-avtala frå Paris. Dette gjeld i hovudsak landbruk, bygg, avfall og transportsektoren, såkalla ikkje-kvotepliktig sektor.

For å komplisere ting enno meir: EU har også eit eige regelverk for korleis ein reknar opptak og utslepp frå skog og endra bruk av areal, forkorta LULUCF. Noreg har også hengt seg på dette regelverket. Skogen og jorda tek opp klimagassar og har difor ein positiv effekt på klimagassrekneskapen. Men høgg ein skog eller endrar arealbruken, kan utslepp av drivhusgassar auke. I det nye regelverket må landa ta opp like mykje som dei slepper ut. Det må altså bli eit nullsumspel. Tek landet opp meir enn det slepper ut, kan dei bruke kredittar frå skog og arealsektoren til å sleppe ut meir på jordbrukssektoren. Slik blir dei to reguleringane kopla saman.

Annonse

Men om landet klarer å kome i pluss (altså tek opp meir enn det slepper ut) på nullsumspelet for skog og areal, kjem ikkje nødvendigvis an på kor flink eller klimavenleg landet er. Viss landet har drive lite med skogsdrift og har høve til å plante ny skog, som Irland og Danmark, kjem det godt ut i rekneskapen. Har dei derimot mykje skog og drive aktiv skogsdrift i generasjonar, som Finland og Noreg, kan dei kome dårleg ut. Enno verre kunne det gått for oss og Finland om EU-kommisjonen hadde fått gjennomslag for sitt forslag om å lage ei felles tidsbane for alle medlemslanda som ein reknar utsleppsreduksjonen utifrå. Tidsbana fall på ein periode der Finland hadde redusert skogsdrift, p.g.a. økonomiske nedgangstider. Hadde dette forslaget gått igjennom, ville Finland måtte redusere skogsdrifta for å kome i null. Noreg ville også ha slitt. Etter iherdig lobbyverksemd er det no opp til medlemslanda å setje tidsbana, og i tillegg fekk Finland ein ekstra kompensasjon fordi dei er eit så viktig skogland. Godt jobba på vegner av finske bønder og skogeigarar. Noreg må gjere ein minst like god jobb.

Noreg hamnar sannsynlegvis i kategorien land som må kutte mest, fordi vi er rike.

Men regjeringa har større utfordringar i sikte. Reduksjonsmodellen er dårleg tilpassa norske forhold. Til dømes har vi lite utslepp frå oppvarming av bygg, medan EU-landa ganske rimeleg kan legge om frå gass-oppvarming til meir klimavenlege system, og dermed skrive av på klimarekneskapen. Så medan dei fleste EU-bøndene kan sleppe unna med små eller ingen kutt i denne omgang, og har blikket festa på kva som skjer etter 2030, lever norske bønder framleis i spenning. Danske bønder reknar t.d. med å dekke inn kutta i eksisterande lovregulering, og det er førebels ikkje sett opp eit konkret reduksjonskrav for landbruket.

Noreg hamnar sannsynlegvis i kategorien land som må kutte mest, fordi vi er rike. EU skal samla sett kutte med 30 prosent på ikkje-kvotepliktig sektor frå 2021 til 2030 for å nå Paris-målet. Dei rikaste landa, som Luxemburg, Sverige, Danmark og Finland, må kutte ca 40 prosent. Dei fattigaste kan til og med få auke utsleppa sine litt. Til gjengjeld kan landa altså få ein viss fleksibilitet i gjennomføringa, med bruk av kredittar frå kvotepliktig sektor og frå skog og arealsektoren (viss ein hamnar over null). Det er utruleg viktig at regjeringa gjer ein god jobb i Brussel og sikrar norsk jordbruk gode rammevilkår innan reduksjonsmodellen, som er dårleg tilpassa norske forhold.

Norske bønder har klima høgt på dagsordenen, mellom anna gjennom prosjektet «Klimasmart landbruk» med kartlegging av klimautslepp på gardsnivå. Men klimakutt må ikkje føre til redusert matproduksjonen, dette står også klart i Paris-avtala. Både storting og regjering har ein ambisjon om auka norsk matproduksjon. Det beste hadde vore om vi kunne gjennomført vår eigen klimapolitikk etter ein modell som passa betre for samansetjinga av norske utslepp. Når regjeringa no fyrst har teke steget inn i EUs forhandlingslokale kviler det ei tung bør på skuldrane deira. Så det er berre å brette opp ermene og sjå til Finland.

Neste artikkel

EU-domstolen toger fram