Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Budsjettkutt og handelsavtaler pressar EU-bøndene

EU-bøndene kjempar imot eit budsjettkutt på fem prosent. Samtidig truar ei handelsavtale med Brasil rundt neste sving.

Kyr beitar i Connemara i Irland. Også eit eksportretta irsk jordbruk vil møte utfordringar om frihandelsavtalane med søramerikanske land og med Australia og New Zealand blir ein realitet. Foto: Priit Einbaum / Mostphotos
Kyr beitar i Connemara i Irland. Også eit eksportretta irsk jordbruk vil møte utfordringar om frihandelsavtalane med søramerikanske land og med Australia og New Zealand blir ein realitet. Foto: Priit Einbaum / Mostphotos

Før sommaren kan også fyrste forhandlingsrunde med New Zealand og Australia vere unnagjort. Og Trump vil bytte biff mot stål og aluminium.

Diskusjonen om EUs landbrukspolitikk etter 2020 er i full gang. Kor mykje pengar får dei å rutte med? EU-budsjettet må ned med rundt 12 milliardar euro i året i budsjettperioden 2021–2027 for å dekke holet etter Storbritannia.

EU-kommisjonen foreslår at landbruksbudsjettet skal reduserast med 5 prosent, og at 50 prosent av Brexit-holet skal dekkast av auka bidrag frå medlemslanda. Då vil landbrukets del av EU-budsjettet gå ned frå 38 prosent til 28 prosent.

Landbrukskommissær Phil Hogan er likevel nøgd, gitt konkurransen med høgt prioriterte område som forsvar, tryggleik og migrasjon. EU-bøndene er mindre imponert. – Budsjettkuttet truar bønder og distrikta, meiner president Joachim Rukwied i bondeparaplyen Copa, og minner om at bondeinntekta allereie ligg 40 prosent under snittløna i EU.

For Noreg vil ei eventuell USA-avtale gi nedbygging av importvernet og reduksjon av produksjon og sysselsetjing i jordbruket.

Bøndene i Sverige og Danmark er glade for at deira regjeringar ikkje fekk gjennomslag for å nekte auka medlemskontingent, men meiner fem prosent budsjettkutt kan true landbruket: – Ein risikerer at gardsbruk blir lagt ned. Det gir større import av mat med dårlegare dyrevelferd og meir bruk av antibiotika, seier leiar Palle Borgstrøm i svenske Lantbrukarnas Riksförbund.

Større import kan det fort bli, ettersom EU er inne i sluttforhandlingar med den latinamerikanske handelsblokka Mercosur. Det er særleg Brasil som skremmer EU-bøndene. Det ryktast at EU no er villig til å gi verdas største kyllingeksportør og neststørste storfekjøteksportør ei storfekvote på over 100.000 tonn.

Det er dårleg stemning mellom dei to blokkene etter at EU stoppa import frå 20 brasilianske kjøtbedrifter, 19 av desse med kyllingproduksjon. Grunngjevinga var hygiene, men Brasils landbruksminister meiner EU berre er redd konkurransen.

På 30 åra har den brasilianske kyllingproduksjonen auka med nærare 600 prosent. Sist haust fann EU salmonella i over sju prosent av kyllingimporten frå Brasil.

Annonse

EU-bøndene meiner kontrollen med merking, sporing og flytting av dyr er dårleg. Hormon og vekstfremjarar, antibiotika og insektmiddel som er forbodne i EU blir ifølgje Copa brukt i mange Mercosur-land, og CO-utsleppa for storfe og kylling er dobbelt så store som i EU.

Men forhandlingane held fram. Sist møte var i april, nytt møte er planlagt i mai. Det hastar med å få på plass ei avtale før Brasil har val i oktober og EU neste år. Partane skal ha nærma seg kvarandre på dei sensitive områda bil og biff. Brasils president Michel Temer sa nyleg at EU-Mercosur-forhandlingane i praksis var ferdige.

Ei avtale kan også påverke EFTA-landa Noreg, Sveits, Island og Liechtenstein. Handelsblokka har allereie gjennomført tre forhandlingsrundar med Mercosur. – Det er viktig at vi er svært tett bak EU. Viss vi klarer å sikre ei EFTA-Sveits-avtale seks månader etter EU ville det balansere ting ut, sa den sveitsiske økonomi-ministeren Johann Schneider-Amman nyleg.

Det er dårleg nytt for norske bønder. Saman med våre EFTA-kollegaer har vi lenge åtvara mot konsekvensane for jordbruket av ei slik avtale.

Trumps stål- og aluminiumstoll har også virvla opp diskusjonen om den djupfrosne TTIP-avtala mellom EU og USA, og ei avtale frå 2009 om auka storfeimport til EU frå USA. – Våre bønder kan ikkje sende sine produkt inn til EU så enkelt som dei burde (…) Vi må gjere nokre endringar, og det skjønar dei, sa Trump under det franske presidentbesøket nyleg.

For Noreg vil ei eventuell USA-avtale gi nedbygging av importvernet og reduksjon av produksjon og sysselsetjing i jordbruket.

Verdas største storfekjøteksportør, Australia, likar dårleg at biffen igjen ligg på forhandlingsbordet til EU og USA. Fyrste runde om ei frihandelsavtale mellom EU og Australia og New Zealand er venta før sommaren. EUs mjølkebønder, med eit snittbruk på 36 kyr, har ingen appetitt på ei avtale med New Zealands 419-kyrsbruk.

– Ei styrking av New Zealands meierisektor ved å gi dei betre tilgang til EU-marknaden vil få fatale konsekvensar for den europeiske meierisektoren, konkluderer meierisamanslutninga European Dairy Association.

Frihandelsavtalen er altså dårleg nytt for EUs mjølkebønder, som i tillegg no fryktar nye prisfall på mjølka, og altså eit kutt i landbruksbudsjettet på 5 prosent.

Neste artikkel

Ein fortvila diskusjon