Ei vekst som er nødvendig både for å fø ei aukande befolkning på jorda, sikre sysselsetting og finansiere norsk velferd. Dette kan alle einast om, men vi må vere fullstendig klar over at dette ikkje kjem av seg sjølv.

Førre regjering lanserte det som eit uttalt mål at produksjon av laks og aure skal femdoblast innan 2050. Noverande regjering har korkje uttalt seg for eller mot denne målsettinga, men har sagt at vi skal auke eksporten av norsk sjømat med 50 prosent innan 2030. Førebels kan det likevel virke som om nasjonale politikarar trur det er tilstrekkeleg å lansere ei målsetting for å nå den. Ord kan ha mykje makt, men ein får ikkje overnaturlege evner av få tildelt kontor på Løvebakken.

Noreg har tradisjonelt vore eit godt land å drive næring i, mykje takka vere tett samarbeid mellom næringsdrivande og myndigheiter. No kan det derimot verke som om ein forstår mindre og mindre av kvarandre. Ei vidare vekst i næringa vil slik situasjonen er i dag kome på trass av, heller enn på grunn av rammevilkåra. Veterinærinstituttet melder i Fiskehelserapporten at vi i 2022 hadde den høgste dødelegheita som er målt i norsk havbruk si historie. Beskjeden frå statsråd Skjæran er likevel tydeleg på at vi skal ha vekst framover.

Ein ufråvikeleg føresetnad for vidare vekst er at det skjer med lågt avtrykk på klima og miljø.

Ein ufråvikeleg føresetnad for vidare vekst er at det skjer med lågt avtrykk på klima og miljø. Skal vi klare ei utvikling der vi får mest mogleg mat, med minst mogleg negative konsekvensar for planeten, krev det at ny teknologi vert tatt i bruk i stor skala. I 2015 lanserte ein ordninga for utviklingstillatelsar med nettopp denne målsettinga; Å stimulere til auke i innovasjon og ny teknologi i havbruksnæringa for å løyse utfordringar knytt til miljø og arealbruk. Det vart sendt inn 103 separate søknadar, 24 har så langt fått tilslag. Ordninga har ført til ei rekke innovasjonar både direkte og indirekte knytt til prosjekta som fekk tilslag, det er bra. Problemet er at så godt som ingen av dei er skalerte opp og kommersialiserte.

Det er mange medverkande orsakar til dette, men den openberre er økonomi. Hadde nye løysingar vore økonomisk lønnsamt med dagens rammevilkår, er det naturleg å tenkje at dei sterke innovasjonsmiljøa langs kysten hadde levert dei for lenge sidan. Ei hindring er at konvensjonelle opne merder fungerer godt, er rimelege og i stor grad gir føreseieleg produksjon. Noko som sjølvsagt er attraktivt når ein skal drive butikk. Skal ein gå over frå noko som fungerer og som ein tener pengar på, til noko ein ikkje har forsøkt før, kan det ikkje koste 150 millionar kroner ekstra å investere i det.

Eit sårt tiltrengt tilskot i norsk havbruksnæring er lukka system i sjøen, spesielt i område der ein er hardt råka av lus og andre utfordringar. Det er system der ein både får utnytte dei naturgitte fordelane kysten vår gir, samstundes som ein har betre kontroll på forhalda til fisken, påverknaden på miljøet og kan utnytte avfallet som ressurs. Ting tyder også på at produksjonen i lukka merder i stor grad er meir effektiv både på ressursar og tid. Det gjer at ein kan utnytte kystarealet på ein meir effektiv måte, gjennom å auke produksjonen på same areal.

Samstundes viser ulike estimat at investeringane i eit slikt system er i området 100-200 millionar kroner. Dersom ein går ut i frå at ei merd huser ein konsesjon, kan ein hamne på 350 millionar kroner per merd i investering. Og då har du enno ikkje kjøpt fisk å putte i merda.

Vi i Marad Norway er blant aktørane som har arbeidd med løysingar. Vi har eit patentert design på lukka merder i stål.

Det er i dag er om lag 5000 opne merdar i Noreg, desse vil eksistere i overskodeleg framtid. Vi er avhengige av både konvensjonelle merder, landbasert, offshore og lukka framover. Likevel vil alle som løftar blikket litt over eigen dataskjerm sjå at behovet for endring er der, dersom næringa skal levere på målsettingane regjeringa har satt.

Det har vore tatt til orde for ulike tiltak som kan realisere dette. Det kan vere auke i talet konsesjonar dersom ein går over til lukka produksjon, målretta finansieringsordningar eller øyremerka kystsoner. Ein kan jo også tenkje seg noko så enkelt som gratis konsesjonar, slik ein har både for både torskeoppdrett og landbaserte anlegg. Sannsynet er at sysselsetting, leverandørindustri og skatteinntekter hurtig vil gjere det til ei god investering for AS Norge. Næringa er klar for framtida, men ho kjem ikkje av seg sjølv.