Ingen burde undre seg over Senterpartiet sin framgang på dei partivise meiningsmålingane. Sp står for stabile forhold i samfunnet og er talerøyr for Distrikts-Norge som sikrar oss mattryggleiken og der naturressursane som skal halde liv i urbanbefolkninga er.

Folk flest er luta leie av maset om samfunnsendringar på område etter område gjennom reform etter reform som regjeringa står for. Folk vil ha tryggleik i liva sine og ikkje stadige endringar som fører til det motsatte av det endringane var tiltenkt. Dette har Sp forstått, og derfor forstår fleire folk Sp.

MDG har noko å lære av Sp, i alle fall på dette området!