Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil setje ut jerv i Bymarka i Trondheim

Noregs eldste jerv har levd på matrestar frå ei turhytte i Trondheim i 15 år. Både Naturvernforbundet og matmora vil at det vert sett ut ein ny jerv i det bynære området når den gamle jerven døyr.

Omplassering: Naturvernforbundet foreslår at det vert om­plassert ein elles «dødsdømt» jerv når Jervtrud i Bymarka i Trondheim døyr. Foto: Mostphotos
Omplassering: Naturvernforbundet foreslår at det vert om­plassert ein elles «dødsdømt» jerv når Jervtrud i Bymarka i Trondheim døyr. Foto: Mostphotos

Sauebønder er derimot skeptiske.

– Jerven som har vore her i 15 år, har aldri tatt sau. Det hadde vore spennande å sjå om ein ny jerv ville oppført seg likt og forstått at på Elgsethytta var det mat å få, seier styrar Anne Valseth til NRK.

Les også: Kongeørnen har gjort mest skade på beitedyr i år

Noregs eldste jerv går under mange namn: Jervtrud, Jervinnen, Vaffeljerven, Ind50 og Bymarka-jerven. No byrjar den minst 18 år gamle tispa å bli skrøpeleg og dårleg i hoftene.

Naturvernforbundet i Trondheim foreslår at det vert omplassert ein elles «dødsdømt» jerv når Jervtrud døyr.

– Ho har jo opprådt eksemplarisk i forhold til sau i Bymarka, og det kan kome av god tilgang på annan naturleg og meir lettfanga mat som rådyr og vaflar. Det er ikkje kjent at andre jervar har besøkt Bymarka, verken før eller sidan ho kom. Det er derfor ikkje usannsynleg at ein omplassert jerv også vil slå seg til ro i Bymarka, seier styreleiar Gaute Rolv Dahl.

«Eg synest ikkje vi skal setje ut rovdyr i marka.»

Annonse

Les også: Sauebønder mener de forskjellsbehandles i rovdyrsaker

Bente Sagberg er ein av to sauebønder som har dyra sine på beite i Bymarka. Ho er ikkje begeistra over ideen om å setje ut ein ny jerv.

– Eg synest ikkje vi skal setje ut rovdyr i marka. Vi har nok med laushundar som tar sau. Eg synest det er risikabelt å plassere ein ny jerv i Bymarka, og eg forstår ikkje kvifor nokon vil det. Vi veit jo aldri om dei vil yngle, og då vil dei bli nøydde til å skyte jerv, seier ho til NRK. ©NPK

Les også: Britiske sauebønder raser mot utplassering av gaupe

Neste artikkel

Sps Jenny Klinge mener jervens herjinger får for lite oppmerksomhet