Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vestlandsregionen blir «Vestlandet» - med nynorsk som skriftspråk

Nynorsk skal vere administrasjonsspråket i eit samanslått Hordaland og Sogn og Fjordane, som skal heite Vestlandet. Det er klart etter at intensjonsplanen for fylkesfusjonen var ferdig forhandla tysdag.

Bak frå venstre: Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane Tore Eriksen, fylkesrådmann i Hordaland Rune Haugsdal og fylkesrådmann i Rogaland Trond Nerdal. Framme frå venstre: fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal. Rogaland er nå ute av samanslåingsplanane. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Vi ligg midt på Vestlandet, og namnet speglar det, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane til Bergens Tidende.

Bergen skal vere administrasjonssenteret i storfylket, mens Fylkesmannen i det nye fylket skal liggje i Leikanger, skriv NRK.

Den tidlegare intensjonsavtalen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har lege til grunn for forhandlingane, sjølv om Rogaland no har trekt seg frå samarbeidet.

• Les også: Rekordoppslutning i Mållaget etter nynorskfeide på Vestlandet

– Dette er nok ein avtale som har ein klarare distriktsprofil enn den førre avtalen, der Rogaland var med, men eg trur folk i byane vil vere fornøgde likevel, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland til NRK.

Annonse

Etter den nye intensjonsplanen får Bergen hand om kollektivtrafikken i fylket, mens næring og opplæring skal delast med dei to. Sogn og Fjordane får ein eigen næringsadministrasjon som skal arbeide særleg med distrikta, og ei strategisk opplæringsavdeling som ta seg av dei vidaregåande skulane i distrikta. Oppgåver og arbeidsplassar skal elles fordelast mellom dei to fylka.

Intensjonsplanen skal behandlast av fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane 2. og 3. februar.

(©NPK)

Neste artikkel

Sliter med dårlig internett - må levere skoleoppgaver på minnepenn