Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sein postgang gjer at fleire førehandsstemmer blir forkasta

I fleire kommunar må fleire førehandsstemmer forkastast fordi dei kom for seint inn. Sein postgang får skulda, ifølgje NRK.

Kø for å førehandsstemme på Egertorget i Oslo før valet. Fleire førehandsstemmer blir forkasta nå på grunn av sen postgang. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Kø for å førehandsstemme på Egertorget i Oslo før valet. Fleire førehandsstemmer blir forkasta nå på grunn av sen postgang. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Anne Kristin Vie, fagdirektør for offentlege tenester i Forbrukarrådet, reagerer på nyheita.

– Ein kan jo komme opp i ein situasjon der det faktisk kunne utgjort eit utjamningsmandat eller eit direktemandat, seier ho til NRK.

I 2013 kom til saman 1.643 førehandsstemmer for seint til å bli med i oppteljinga etter stortingsvalet. Tre år seinare vart vallova endra nettopp for å få med førehandsstemmene. Fristen vart flytta til klokka 17 dagen etter valdagen, men likevel har fleire stemmer no komme fram for seint.

I alt 44 førehandsstemmer er førebels registrerte for seint i Bergen og 23 i Trondheim. I Oslo har førebels minst 161 førehandsstemmer komne fram etter fristen.

Annonse

– Det er ein alvorleg situasjon vi er i no, særleg ved sametingsvalet, der det er få stemmer som avgjer om ein får inn mandat eller ikkje, seier ordførar Johan Vasara i Kautokeino kommune.

I hans kommune har 21 førehandsstemmer hittil komme for seint og blir derfor forkasta. Ti av dei var stemmer til sametingsvalet.

Neste artikkel

Vesterålen blir spydspiss i rekordstort EU-prosjekt om klimaendringer