– Vi kallar dei spionar, og desse vil vi ikkje ha i elva! seier styremedlem Sindre Moe i Ørstaelva elveeigarlag til avisa.
Fire eksemplar av den framande arten er tatt i Ørstaelva så langt i sommar.
• Les også: Flere storlaks enn på mange år
Også i andre elvar på Vestlandet er det meldt om fangstar av pukkellaks i sommar, mellom anna i Oselvo i Hordaland og Dirdalselva i Rogaland.
Laksearten, som eigentleg høyrer heime i Stillehavet, vart sett ut i fleire vassdrag på Kolahalvøya mot slutten av 1950-talet, og på byrjinga av 1960-talet fanst han ein kort periode i talrike mengder langs kysten av Nord-Noreg. Fram til tusenårsskiftet har han derimot vore meir sjeldan å sjå langs norskekysten. Men på byrjinga av 2000-talet vart det igjen tatt pukkellaks i fleire elvar i Finnmark, og han har vorte fanga så langt sør som i Drammenselva (2013).
• Les også: En tidel av villlaksen dør av lakselus
Artsdatabanken vurderer pukkellaksen som ein høgrisikoart og ein trussel mot det biologiske mangfaldet i Noreg.
Laksefisket i Ørstaelva har elles vore bra i juni med ein samla fangst på rundt 200 fisk, den største på 12 kilo.