Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rogaland er kattedumping-versting

Heimlause kattar blir eit stort problem når det nærmar seg ferie, og stadig fleire overlèt ansvaret til dyrevernorganisasjonane.

Ein heimlaus katt hos dyrlegen. Foto: Colourbox
Ein heimlaus katt hos dyrlegen. Foto: Colourbox

– Det er altfor mange kattungar som blir fødde no rundt sommartider. Folk reiser på ferie og tenkjer at ein katt klarer seg sjølv, men det gjer han ikkje, seier Elin Herlofsen, styremedlem i organisasjonen Lucas til NRK Rogaland.

Rogaland toppar visstnok lista over verstingar i Noreg når det gjeld dumping av kjæledyr før ferien. Dyrevernorganisasjonane på Nord-Jæren har over 600 kattar i fosterheim eller på senter for heimlause kattar. No er kapasiteten nesten heilt sprengt.

– Det vi faktisk får inn er berre toppen av isfjellet. Det er veldig mange heimlause kattar som lever rundt omkring i distriktet, seier Egil Heine Strand, leiar i Dyrebeskyttelsen Norge Nord-Jæren.

Venstre-politikar Jan Erik Søndeland meiner det må komme eit krav om merking av kattar for å få betre kontroll over bestanden.

Annonse

– Både kattar som har ein eigar og dei som ikkje har det burde merkast, i tilfelle dei skulle forsvinne. I tillegg må vi samarbeide på tvers av kommunegrenser, for kattar kjenner ikkje grenser, seier Søndeland.

Dyrebeskyttelsen Norge har 30 lokalavdelingar i heile landet, frå Finnmark til Agder. Alle desse opplever sprengt kapasitet i sommarmånadene frå mai til august. Ifølgje dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Monica Dahlback, er det store mørketal når det gjeld familiedyr som vert dumpa.

– I 2016 hjelpte Dyrebeskyttelsen Norge rundt 6.000 dyr fordelt på alle lokalavdelingane, og problemet er stadig aukande. I tillegg får vi mange meldingar som vi dessverre ikkje har kapasitet til å ta oss av, seier Dahlback til NRK.

Neste artikkel

Forening for nærskolene mener koronatiltakene må lempes på i distriktene