Herøy kommune er dermed fjerna frå lista over pærebrannfrie område i Noreg, opplyser Mattilsynet. På den lista står òg Sande kommune.
Tidlegare i haust er det påvist pærebrann fleire stader på Sør- og Vestlandet, i Møre og Romsdal er bakteriesjukdommen påvist i Haram, Giske, Ålesund og Misund. Alle desse funna er no sanerte.
Også i Herøy vil Mattilsynet no sørgje for å få kartlagt og rydda vekk dei smitta prydbuskane, i hovudsak bulkemispel, men òg krypmispel.
Annonse
Både bulkemispel og krypmispel er svartelista artar i Noreg.