Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Geiter skal beite under kraftleidningar

Gjennom eit prøveprosjekt med 15 geiter, skal Statnett undersøkje kva slags effekt beiting har på veksten av buskas og kratt i kraftgatene.

Geiter skal halde vegetasjonen nede i kraftgatene til Statnett. Foto: Berit Keilen / NTB scanpix /NPK
Geiter skal halde vegetasjonen nede i kraftgatene til Statnett. Foto: Berit Keilen / NTB scanpix /NPK

– I dag utfører vi vanlegvis flatehogst i kraftgatene kvart åttande år. Alt som kan vekse høgt nok til at det kjem bort i leidningen, må bort. Dersom vi kan bruke geiter til å halde vegetasjonen nede og kanskje ta nokre tre før dei veks seg store, er det veldig interessant, seier seniorrådgivar for miljø og tillatelser i Statnett, Ellen Torsæter Hoff i ei pressemelding.

Les òg: Rundt 200 geiter reddet ut fra brennende fjøs

Statnett testar med dette prøveprosjektet også ein nyutvikla teknologi, kalla Nofence. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås vil analysere resultata frå prosjektet.

Annonse

Les òg: Bonde fortviler – turister stjeler geitebjeller

Nofence er ei løysing utan gjerde. Kvart enkelt dyr har i staden på seg ein elektronisk klave med GPS. Den gir geita beskjed viss ho går ut av beiteområdet.

Neste artikkel

Ber Borch komme på krisemøte om konflikt mellom reindrift og landbruk