Heidersprisen blir delt ut årleg av Vegdirektoratet og skal gå til offentlege veganlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgivnadene. Fjellområdet Ifjordfjellet er prega av store vidder og går gjennom Lebesby, Gamvik og Tana kommunar i Finnmark. I vinterhalvåret kjem det svært mykje snø her, noko som har vore ei utfordring i samband med å halde vegen open.
I perioden 2010 til 2015 blei det derfor gjort ei fullstendig ombygging av den 30 kilometer lange høgfjellsovergangen. Snøutfordringane blei løyst ved å heve veglinja, slik at vinden feiar vegbana fri for snø.
I grunngjevinga frå juryen heiter det at veganlegget gir ein ekstra dimensjon til den storslegne køyreopplevinga med frie og lange utsyn når det er finvêr.