Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vranglære om EUs fjerde jernbanepakke?

Jernbanepakka vil ikkje svekkje sikkerheita på det norske jernbanenettet.

Eg er glad for å sjå at folk i Noreg er opptekne av sikkerheita på jernbane. Eg deler òg oppfatninga om at norske myndigheiter skal ha siste ordet om kva som er sikker togkøyring i Noreg. Difor må eg komme med eit par merknader til undersøkinga om folks haldning til EUs fjerde jernbanepakke som Nationen skriv om 1. november.

Dei tre spørsmåla i undersøkinga er viktige, men då er det sentralt at spørsmåla har rett premiss, slik at folk kan svare riktig. Det er viktig å vere heilt klar på at det er norske myndigheiter som har full råderett til å avgjere om ei verksemd driv sikkert i Noreg. Det har ikkje eit EU-organ, slik eit av spørsmåla er sitert i Nationen.

Noregs råderett om sikker drift av jernbanen går så tydeleg fram av artikkel 17 i det nye jernbanesikkerheitsdirektivet at eg får lyst til å sitere det: "Dersom en nasjonal sikkerhetsmyndighet ved tilsyn identifiserer en alvorlig sikkerhetsrisiko, kan den når som helst anvende midlertidige sikkerhetstiltak, herunder umiddelbart begrense eller midlertidig oppheve den aktuelle driften." Og vidare: "Den nasjonale sikkerhetsmyndighetens beslutning med hensyn til midlertidige sikkerhetstiltak skal være gjenstand for nasjonal rettslig prøving".

Annonse

Ein av dei viktigaste konklusjonane frå undersøkinga ser ut til å vere at mange folk ikkje veit kva dei skal svare. Grunnen er at folk føler dei ikkje har nok kunnskap om EUs fjerde jernbanepakke.

Som politikarar kan vi ikkje forvente at Ola og Kari kan kjenne til eller uttale seg om alle dei til dels svært tekniske spørsmåla i pakka. Men dei skal kjenne seg trygge på at både dei nasjonale og dei europeiske institusjonane som stiller og handhevar krava veit kva dei driv med.

Det er ingen som ønskjer å svekke sikkerheita på jernbanen – korkje på europeisk eller nasjonalt nivå.

Eg står difor ved det eg har sagt i Stortinget om at pakka ikkje vil føre til svekt sikkerheit på det norske jernbanenettet.

Neste artikkel

Til alle lærere med tomme klasserom på fredag grunnet klimastreiken: Gratulerer!