Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Villrein og fotturistar

Stabil: Trafikken på Hardangervidda. Foto: DNT

Alle som har vore i villreinfjellet veit at reinen er sky og reagerer når folk kjem nær den, men det vil i fyrste rekke vera frekvensen av konfrontasjonar som avgjer om det skal påverka reinens arealbruk. I eit oppslag i Nationen måndag 30. april blir det hevda at fotturismen på Hardangervidda trugar villreinen, mellom anna fordi denne ferdsla kan vera til hinder for at reinkalvane får nok mat.

Det blir særleg framheva at det er ferdsla på Vestvidda som er problemet, og særleg fottrafikken frå Haukeliseter, forbi Hellevassbu til Litlos turisthytte. Men har denne turisttrafikken auka? Sommarovernattingstala for DNT-hytta Hellevassbu har ikkje endra seg mykje frå hytta vart opna i 1970 til i dag. Overnattingstalet for Litlos turisthytte viser ein svak nedgang.

Det er truleg rett at det fram til nittitalet var meir rein å sjå på Vestvidda om sommaren (juni-juli) enn i dei seinare åra. Men sidan trafikken til turisthyttene ikkje viser endring, kan vi sjå bort frå denne som årsak til at reinen har endra sin arealbruk. Det har derimot skjedd markerte endringar i storleiken på bestanden, frå opp mot 25.000 dyr før jakt på byrjinga av åttitalet til rundt 5000 dyr på byrjinga av 2000-talet. Denne endringa skuldast hard avskyting som fylgje av overestimering av bestandsstorleiken. Framleis er bestanden langt under bestandsmålet som er sett til 11-12000 vinterdyr.

Annonse

Det er difor lettvint og forhasta å peika ut fotturistane som syndebukkar for endringar i reinen sin åtferd og kondisjon. Det er forunderleg at NINA-forskarar og representantar for Miljøforvaltinga har godteke dei lettvinte påstandane som ein liten, men høgrøysta klikk i Vinje, Røldal og Ullensvang har kome med i fleire år no, utan nokon som helst dokumentasjon.

Neste artikkel

Helsen til hjortevilt betyr mye for meg og deg