Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Underlege tankar om rovdyr

Tatt av ulv: Eit stot tal sauer vart tekne av ulv på Hadeland i sommar. Foto: Mariann Tvete
Tatt av ulv: Eit stot tal sauer vart tekne av ulv på Hadeland i sommar. Foto: Mariann Tvete

No er lisensjakta på ulv i gang, og rovdyrelskarane fortviler over kvar ulv som blir felt, på same måten fortvilar sauefolket når dei opplever rovdyrangrep på beitedyra. Dei store massakrane som er referert er berre toppen av det store ”isfjellet” som rovdyra er årsak til.

No har denne rovdyrplaga vore ei stor ulempe i 20 år, og når ein les litteratur frå tida før 1850 ser ein korleis rovdyra skapte tap og utrivnad i bygdene langt bakover i tid. Det utvikla seg til eit hat mot rovdyra som utløyste jakt heile året mot dei, og med skotpremie på felte rovdyr frå 1848. Med dette tiltaket endra rovdyrplaga seg slik at ved hundreårsskiftet 1800-1900 var rovdyrtala kome så nær null at folk let dyra sine gå fritt i utmarka dag og natt.

Denne fridomen gav større lam, og på storfe meir mjølk. Hedmark Sau og Geitalslag vart skipa i januar 1948, og føremålet var å organisera småfehaldet i Hedmark med gode avlsdyr i utval og dermed ein betring av produksjonen frå desse dyra. Dette har gjeve gode resultat. Men eit stort problem er rovdyra. Desse har gilde tider i beitesesongen, og tapstala aukar.

Ein rapport frå landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hedmark viser at i 1971 til 1981 er tapet av sau og lam 3,18 prosent per år i gjennomsnitt for heile Hedmark. Melding frå Fylkeslandbrukskontoret i 1995 var tapsprosenten komen opp i 6,34 prosent for heile fylket, altså det dobbelte av såkalla ”normaltap”.

Annonse

Bak desse middeltala skjuler det seg ofte lokal eller regionale tap, som i Rendalen i 2016 og på Hadeland i 2017. Det er eit stort tal sauer som har gått med, vel 500 til saman i dei to store, og bortimot 300 i andre angrep dei same to åra. I tillegg til dette går det med hundrevis av dagsverk med leiting etter tapte dyr som fylgje av resultatet. WWF og naturvernfolk ønskjer å gjennomføra ”rewilding” av Hedmark. Dette vil kunne gjennomførast med freding av ulven.

No må folk forstå dette. Korleis blir situasjonen for folk i bygdene, og vår nasjonale matforsyning? Konsekvensane er formidable!

Neste artikkel

SV opnar for kuvending om kutt på kjøtt: – Vi er ikkje gift med denne måten