Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ulvestammen, korleis verna den?

Gode forslag frå eit svensk-norsk samarbeid.

Omstridt: Ulven. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ingjerd Schou og Pål Jonson har i lesarinnlegg i Nationen 25. august 2018 teke opp samarbeid med Sverige om ulvestammen og held fast at Norge, Sverige utgjer eit område med felles ulvestamme. Dette er det første punktet, som er ein realitet med mange tusen år som har skapt landa som blir kaldt Skandinavia. Derfor også Skandulv.

Annonse

For det andre seier dei det er gode grunnar for å sjå på ulvejakta. Som tredje punkt tek dei fram lokal innflytelse og denne skal innverka på ”viltvårds delegationer” og rovviltnemnder.

Dette er tankar i positiv retning, men det er grunn til å nemna at Sverige i 2017 planar og lage ei lisensjakt på ulv som skulle redusera ulvestammen med 50 prosent, det vil seia at det kunne fellast 150 dyr av ein bestand på 300 dyr. Da dette vart kjend vakna EU-kommisjonen og truga med å taka Sveige til EU-domstolen, og Sverige tok seg i det og reduserte talet til 30 dyr! Sverige er ikkje ein sjølvstendig stat lenger, dessverre!

Her i landet har me bare ”ein fot innafor” EU-regimet, og det held vel lenge. Gong på gong har tanken om innhegn av ulv vore framboren, det har ikkje kome til ”øyro åt ulvevennar” slik syns det som å tala for ”dauve øyro”, men modellen Langedrag er intakt, og gjev ulven det beste vern, og det finaste skue for dei som vil sjå desse dyra.

På bakgrunn av dette helsar eg utspelet desse to kom med som dagsaktuelle og framtidsretta tankar og melder med frå om at dette må på dagsorden i komande drøftingar slik at ein kan finna fram til betre løysingar. Dei store tapa av sau, reinsdyr og andre artar er ei direkte landeplage, og slik vil me ikkje ha det.

Neste artikkel

Mer ulvebråk på trappene