Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ulveforvaltning i endring?

Ny ansvarleg statsråd: Ola Elvestuen (V). Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

For eit års tid sidan, med Høgre/Frp-regjeringa og klima- og miljøminister frå Høgre, slo Stortingets lovavdeling og ei rekke andre juristar fast at så stort uttak av ulv, både innanfor og utanfor ulvesona, som blei bestemt den gongen, var i strid med konvensjonar og lovverk, mellom anna naturmangfaldlova.

Vidar Helgesen (H) bøygde seg lojalt for dette, og kom naturleg nok i «hardt vær» frå jegerar, skogeigarar, bønder og andre ulvemotstandarar eller skeptikarar.

Kva er det som har endra seg sidan den gongen, når det nå er opna for uttak av eit betydeleg antal ulv og det attpå til for ein del i ulvesona? Lova og jussen er den same nå som da, og Venstre i regjering har klima- og miljøministeren.

I tillegg har ikkje regjeringa, før Venstre kom med, gjort det som Stortinget bad om, nemleg å gjennomføre ei utgreiing av bestandsstorleik og forvaltningsmål som krevst for å ha ein levedyktig ulvebestand i Noreg. Denne faglege gjennomgangen av den norske ulvebestanden med etterfølgjande vurdering før nye forvaltningstiltak blir sett ut i live, blei altså «hoppa bukk» over når ein sette i verk det store ulveuttaket, eit uttak som for eit år sidan blei kjent ulovleg.

Annonse

Det er i ljos av dette at WWF saksøkte staten for å fatte lovstridige vedtak i forvaltninga av ulv, ei sak dei som kjent tapte.

Grunnlaget for å endre fagleg forvaltningspraksis av ulv er ikkje heimla i noko som helst av fakta, bortsett frå eit lite truverdig og ugrunna politisk «krumspring».

Neste artikkel

Se unik video: Her passerer ulven, bjørnen, gaupa og jerven forbi samme viltkamera