Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Truverdig kamp mot sentralisering?

Truverdig? Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Siri Juell Rasmussen
Truverdig? Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Siri Juell Rasmussen

Den blåblå regjeringa sine sentraliseringsreformer innafor offentleg sektor og i jordbruket har sett fart i motkreftene. Det viser den auka oppslutnaden om Sp ved stortingsvalet sist haust. Men er Sp sin kamp mot sentralisering truverdig?

Debatten om sentralisering har dreia seg mykje om kommune- og fylkessamanslåing. Sentralt med Trygve Slagsvold Vedum i spissen er ein gjerne imot kommunesamanslåing. Men kva skjer rundt i landet lokalt? Jau, i enkelte kommunar har Sp-toppar gått inn for kommunesamanslåing slik at partiet spriker i alle retningar.

Sp sin fylkesordførar i Sogn og Fjordane har meir eller mindre gått innfor samanslåing med Hordaland og vil ta vestlandsnamnet frå Møre og Romsdal og Rogaland. I tvangssamanslåinga mellom Forsand og Sandnes i Rogaland var det Sp som bidrog til rot som vart kynisk utnytta av Ap på Stortinget då samanslåinga vart vedteken.

Det er ikkje samsvar mellom det partiet sentralt seier og det partiet gjer lokalt mange stader. Sp sin motstanden mot kommunesamanslåing er i ferde med å forvitre innafrå. Det hadde vore på sin plass med oppstrammande leiing og ideologisk oppfrisking.

Annonse

Sp sin kamp kan aldri vert truverdig dersom ein ikkje også tek eit reelt oppgjer med sentraliseringa og nedleggjinga i jordbruket. Ein må sei at bruksnedleggjing må stoppast og reverserast og gje monaleg støtte til små og mellomstore bruk. I fiskeripolitikken særleg i Nord-Noreg må ein ta klart parti for kystflåten. Vil ein ha ei utvikling der det berre er nokre få storbønder og trålarbaronar att i utkantane.

Kva med den sosiale og kulturelle utarming av utkantane? Her er eit nytt argument som kan brukast i debatten.

Einsemd er eit aukande problem i Noreg og stadig fleire lever aleine. Det må finnast ein variert arbeidsmarknad som gjer at to kan få seg jobb.

Neste artikkel

Vedum mener Frp banet vei for høy strømpris da de satt i regjering