Nationen hadde ei lesarundersøking i sommar. Der skulle ein oppgi grunnar til at ein ville lesa Nationen. Dessverre kom eg ikkje så langt at eg fekk sendt inn eit svar. Svaret kjem nå. Ein viktig grunn til at Nationen er nødvendig for meiningsmangfaldet her i landet er artiklane til Kari Gåsvatn.
Laurdagsinnlegga hennar i haust har teke opp grunnleggande spørsmål på ein så avslørande måte at ingen kan lenger seia at dei ikkje veit. Eg håpar inderleg at dette samarbeidet kan halda fram i åra som kjem sjølv om Kari Gåsvatn formelt sett har pensjonert seg.
Annonse