Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Takk for gode innlegg

Mink i bur. Foto: Heiko Junge / Scanpix

Tysdag 10. april hadde Oddvar Nagelhus eit innlegg på debattsidene i Nationen, og det var bra og interessant å lesa det. Eg har sett raudrev med skabb her på Karmøy, den eine dagen i levande live men så dau neste dag. Var nok kulda den ikkje tolte.

Det er ikkje berre skabbreven som lid i vill tilstand, også villminken. På den finn vi både kvitull og gråull, noko dei får av anemi (blodmangel). Mink i bur derimot har ikkje slik sjukdom, fordi dei vert fora med eit godt og konsentrert fôr.

Villmink fangar og et mykje smådyr, fugl og fisk som inneheld tiaminase som gjer at dei får blodmangel. Eg trur at rev og mink i bur og fangenskap får betre fôr enn dei som lever fritt i naturen.

Annonse

Eg dreiv med mink på garden i 30 år, og har tatt utdanning på fagskule om pelsdyr på Lien landbruksskule i 1969.

Eg har lese innlegget til Henrik Domino, der han skriv om inseminering av rev, noko eg har sett sjølv. Det er akkurat likt som ved inseminering av sau og ku.

Når det gjeld dagens minkbur så er dei mykje større og betre enn det var før.

Eg vil takke Hallgrim Berg og Knut Skrindo for deira gode innlegg i Nationen.

Neste artikkel

Elvestuen overkjører demokratiet i ulvesaken