Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Strategisvikt i Ap – ei «distriktsulukke»

Tapte: Ap-leiar Jonas Gahr Støre lukkast ikkje å sikre fleirtal for ei anna regjering. Foto: Heiko Junge.
Tapte: Ap-leiar Jonas Gahr Støre lukkast ikkje å sikre fleirtal for ei anna regjering. Foto: Heiko Junge.

Det raudgrøne fleirtalet glapp kanskje fordi Ap og Sp ikkje ville ha med alle partia på venstresida i ei brei og tverrpolitisk koalisjonsregjering. MDG og Raudt kunne eventuelt ha sikra Jonas Gahr Støre statsministerstolen. Ideologikollisjonen ville vore mykje mindre i ei slik tverrpolitisk regjering enn den ville blitt dersom KrF hadde støtta ei blåblå regjering, noko som gledeleg nok likevel ikkje skjedde.

Det er synd at synet på noko så samfunnsgagnleg og solidarisk som folket sitt bidrag til fellesskapet som likeverdig fordelte skattar og avgifter skal vera i vegen for at landet kunne fått ei raudgrøn regjering. Like paradoksalt er det at noko så miljø- og klimafiendtleg som oljeutvinning skulle bli Ap sin bane ved at partiet støytte frå seg MDG og Rødt, og at rovdyrsynet skulle bli Sp sitt hinder for å kome i regjeringsposisjon og få ein landbruksminister, som kanskje til og med kunne fått hand om rovviltforvaltninga, og som kunne få brynt seg på ein klima- og miljøvernminister frå MDG.

Nå vil me derimot få ei reprise, rett nok litt svekka, og eit framhald av ein politikk som ser det som sitt fremste mål å endre store deler av samfunnsstrukturen frå små til store einingar på mange område. Resultatet blir auka sentralisering og utarming av distrikta. Dette er alvorleg for det fremste kjenneteiknet for Noreg – eit land der det bur folk dei fleste stader, til beste for reiselivsnæringa og for berekraftig bruk av dei naturressursane som berre finst i distrikta, og ikkje i byane.

Ei fjernstyring gjennom forvaltning av denne naturbruken frå store og sentrale einingar utan kompetanse, naturnærleik og distriktskjensle vil føre til utarming og til det motsette av berekraftig utnytting og verdiskaping i Distrikts-Noreg.

Annonse

Dei blå-blå vann stemmer gjennom populisme og ansvarsløyse i eit land som flyt over av velstand og overflod prega av ordtaket «mykje vil ha meir». Det vil seie meir avgifts- og skattelette og samtidig krav om meir og enda betre offentlege tenester som ikkje er eigna for privatisering og konkurranseutsetjing. Egoisme og grådigheit basert på eit ressursforbruk som sprenger berekraftprinsippet om økologisk og økonomisk likevekt.

Nedturen let vente på seg, men blir meir smertefull etter som tida går, når han før eller seinare slår inn med full tyngde. Ein skammas arv å gje dei som treng noko å leve av som kjem etter oss.

Neste artikkel

Mat på tanken: Ber om ny vurdering av biodrivstoff