Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Staten sitt dyrehald

Staten sin: Villrein Foto: Privat
Staten sin: Villrein Foto: Privat

Ein kan lese i media at Mattilsynet meiner at for mange dyr lid på utmarksbeite. Dette går utover dyrevelferda. Bonden må ha meir tilsyn med buskapen.

I dei seinare åra har staten vorte svært oppteken av freding av rovvilt. Grunna ny retning i forvaltninga har desse fått auke nærast fritt utan nokon form for kontroll. Staten har bygd opp ein stor bestand. Alt vilt er statens eigedom, både mat vilt og rovvilt. Kva gjer så staten for å ta vare på, og ha kontroll på, sine dyr? Kva gjer staten for å sikre dyrevelferd for desse?

Svaret er: Ingenting. Dei tek ikkje ansvar for å sikre eigne dyr tilstrekkeleg mattilgang og dyrevelferd. Når det er lidingar i statens dyreflokk endrast ordbruken til «naturens gang». I tillegg til dette lar dei eigne dyr nytte bondens dyr til føde. Dette utan at sistnemnte skal få noko som helst kompensasjon. Bonden blir skulda for at han ikkje tek vare på sine dyr. I tillegg har staten fråtatt bonden mange av moglegheitene til å forsvare eigen buskap og for på den måten å unngå unødige lidingar. Ville det ikkje vore naturleg at staten tok ansvar for å dekke kostnad med mat til eigne dyr?

Staten og Mattilsynet er svært opptatt av at dyr ikkje skal lida. Er dette ivaretatt med statens driftsform? Er alle dyra deira sikra tilstrekkeleg mattilgang av rett kvalitet? Har dei ordna med «beiterett» hjå dei bøndene og grunneigarane som eigentleg betaler gildet?

Annonse

Frå tidenes morgon har ein nytta naturen for å skaffe seg mat vilt. Slik ein nå forvaltar desse ressursane er rovdyrets rett satt foran jegeren/mennesket. Ville det ikkje vore meir naturleg om ein hadde ein redusert rovdyrbestandene og nytta viltet?

Staten har òg ansvar for å ivareta og forvalte Europas nordlegaste villreinstamme. Når det gjeld villreinstamma på Hardangervidda har ein nettopp oppdaga at antal dyr er mykje lågare enn det staten hadde forutsett. Dette trass i årlege teljingar med helikopter. Når det gjeld bonden har han krav om å til ei kvar tid kunne gjere greie for antal dyr i sin flokk. Har staten kontroll på sine dyr?

Ut frå ovannemnde er det særs vanskeleg å oppretthalde tiltrua til staten, som gjennom Mattilsynet kontrollerer bonden og hans dyrehald. Slik staten opptrer demonstrerer staten si makt, men samtidig sin inkompetanse og forskjellshandsaming. Er dette ei forvaltning som Noreg kan vere bekjent av?

Neste artikkel

Dømt til fengsel etter at alle dyra var avlivet og destruert