Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Soyaen i laksefôret må utfasast

Det er supert at Skretting tek i bruk nye berekraftige fôrråvarer. Nå må desse erstatte den høgst problematiske soyaen.

Ein soyaplantasje i Mato Grosso i Brasil. Foto: Marcelo Camargo / Agência Brasil / Wikimedia Commons

På kronikkplass i Nationen 6. september tek administrerande direktør i Skretting Erlend Sødal til orde for å ta i bruk alternative fôrråvarer som insektmjøl, avskjer frå kylling og svin, og bakteriar som et CO2.

Framtiden i våre hender heiar stort på at ein av dei største fôrprodusentane i Noreg har fått augne opp for desse berekraftige alternativa. Slike berekraftige fôrråvarer kan midlertidig ikkje berre leggast til på toppen av marine råvarer og brasiliansk soya, men må fasast inn som erstatning for desse høgst problematiske fôrråvarene.

Framtiden i våre hender har i ei årrekkje sett ljos på den brasilianske soyaindustrien sitt bidrag til landkonflikt, avskoging og helseskadar som følgje av den høge sprøytemiddelbruken. Sødal avskriv seg ansvaret for dette ved å vise til at soyaproteinkonsentratet i norsk laksefôr er sertifisert.

Det er bra at norske importørar kjøper det best tilgjengelege soyaproduktet og bidreg til utvikling av sertifiseringsordninga ProTerra. ProTerra stiller nokre gode krav til industrien, men krava er dessverre langt frå gode nok.

Når det gjeld helseskadar til dømes, er mange av de farlegaste sprøytemidlane som brukast i Brasil ulovlege å bruke dersom ein skal levere ProTerra-sertifisert soya. Men ProTerra tillèt bruk av desse sprøytemidlane, som også er forbode i Europa, så lenge det finns ein plan for nedtrapping.

Annonse

Det er vidare forbode å sprøyte desse farlegaste midla med fly, men det er lov å sprøyte med traktor inntil 100 meter frå bustader og 50 meter frå vasskjelder.

Når sprøytemiddel som WHO karakteriserer som veldig farlege, blir sprøyta så nært hus, barneskular og drikkekjelder, får det konsekvensar for langt fleire enn arbeidarane på plantasjane.

I dag utgjer sprøytemiddel den nest største årsaka til forgifting i Brasil. Forsking viser også at det er 27 gonger så mange tilfelle av kreft i mage, bukspyttkjertel og matrøyr i kommunar der det blir produsert soya som i kommunar utan slik produksjon. ProTerra gjev oss ingen garanti mot slike helseskadar.

Ekspansjonen av brasiliansk soya er også ute av kontroll. Mangel på uavhengige kontrollinstansar og openheit gjer det umogleg for oss å vite om soyaprodusentane faktisk oppfyller krava. Sertifisering er ikkje ei løysing på den enorme veksten i etterspørsel etter soya, som fører til beslag på stadig nye område, landkonfliktar og avskoging. Die Zeit dekte denne sommaren nokon av dei mørkaste sidene av dette. Derfor krev me at Skretting og andre norske fiskefôrprodusentar reduserer soyaforbruket sitt.

For at «berekraftige fôrråvarer» faktisk skal vere berekraftige, kan dei ikkje legge beslag på store areal, fordi det ofte bidreg til landkonflikt og avskoging. Dei kan ikkje produserast ved hjelp av helseskadeleg sprøytemiddelbruk, og råvarene må ikkje haustast frå naturen, då dette kan setje artsmangfald og økosystem i fare. Me treng meir mat i verda og laksen bør ikkje ete potensiell menneskemat, og sist men ikkje minst er det ein fordel om nye fôrråvarer kan basere seg på avfall.

Som Sødal sjølv påpeiker finst det ei rekkje gode alternative fôrråvarer. Forskarar, gründerar, politikarar og miljø- og solidaritetsrørsla ser med entusiasme på høve til å erstatte den problematiske soyaen med berekraftige fôrråvarer. Skretting anerkjenner at det finst gode alternativ, no er det også på tide å anerkjenne dei alvorlege problema med den brasilianske soyaen.

Neste artikkel

Hvordan blir Norge en matnasjon, Bård Hoksrud?