Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjølvskadd gaudagran

Sjeldant på Vestlandet: Gran.  Foto: Nenad Nedomacki / Mostphotos
Sjeldant på Vestlandet: Gran. Foto: Nenad Nedomacki / Mostphotos

Då skogreisinga på Vestlandet starta etter krigen, var det alt 50.000 dekar naturleg granskog i dei fire vestlandsfylka, skriv Hans Bårdsgård i ein noko slentrande kommentar. Han hevdar, med skogforskar Bernt-Håvard Øyen som kjelde, at grana var vanleg utbreidd over heile landet, også i vest.

At det vaks gran ein og annan staden på det indre Vestlandet, har lenge vore kjent. Men alle som kjenner denne landsdelen før 1950, veit at gran var eit sjeldsyn – nokre tre eller småholt som granskarane fann her og der, på høgareliggande stader i indre strok. Dei spreidde seg lite. Etter plantinga i 1960-åra og utover, mange stader i heile dalføre, vart situasjonen annleis. Enorme frømengder finn vi nå som smågraner over store område.

Den kunstige granskogen er av frø frå heilt andre stader. Og masseplantinga vart ingen suksess. Desse einsaldra og tette granskogane har ikkje svart til det som agitasjonen for dei gjekk ut på. Det vart hevda med meir styrke enn innsikt at grana kunne ikkje spreie seg sjølv på Vestlandet. På skogbotnen er gras, urter og lyng nesten vekke – livet er anemisk der nede i mørkeret. Årringane er breie og materialen rotnar fort. Dette kan ingen byggje varige hus av.

For mykje lys på hogstflater gjev planta gran for rask vekst i ungdommen til å bli kvalitetsskog. På brunjord veks grana for raskt heile livet, særleg dei importerte proveniensane som lenge var populære. Dei som vil plante for klimaet, finn ikkje mange karbonatom i kvar kubikkmeter.

Etter Dagmar stod heile dalsider her vest med restar av brotne tre, og eit ugjennomtrengjeleg kaos på marka. Mange grunneigarar har fått nok – grana er meir til plage enn til inntekt. Det er ingen entusiasme å spore for dei toppstyrde ideane om å plante meir slikt i kyststroka. Store felt står klare for hogst i store felt, og dei vert ståande.

Annonse

Få vil legge ut pengane som trengst for å bli kvitt denne skavanken. Det er ikkje forsøk på å devaluere slike landskap som har skapt vanskar for grana. Det har ho gjort sjølv, fordi den oppskrytte nytta har vist seg like fast som damp.

Bårdsgård ser ut til å meine at eigenart i naturen er noko statisk, og at utvikling er noko anna. Også i ein upåverka urskog skjer endringar. Gamle tre døyr og nye veks opp, men det går seint, så seint at andre organismar som treng nokolunde stabile heimar, klarer seg. Planta skog og flatehogst er som åkerbruk, og det meistrar ikkje livet i utmarka.

Men å fjerne inntrengjarane gjev skogen sjanse til å utvikle seg til natur, med dei artane som naturleg finn seg til rette der.

Neste artikkel

Ulovlig hogst endte opp som Ikea-møbler