Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rovdyr er stressplager

Den store rovdyrfaunaen er ein heilt uoverkommeleg stressfaktor.

Dei store tapa av sau og lam, reinsdyr og elg og no også storfe. Alt har samanheng med rovdyra sin trong til kjøt. Den får dei tak i ved å drepa medskapningar. Tilsyn og gjeting dug ikkje, dette ser me etter dei bortimot 40 åra rovdyra no har hatt i freding og med hjelp frå rovdyrvernarar og politisk leiarskap.

I 1848 hadde folket her i landet kome til ei lære; lause rovdyr er ei landeplage, lat oss stoppa dette helvetet! Dermed tok nokre kommunar til med skottpremie. Dette løyste ut stor interesse i Noreg og Sverige. Sverige innførte skottpremie i 1820-åra, og Noreg i 1848. Dette vart ei stor lette, rovdyrtalet vart mindre og beitefreden opna for ro og god utnytting i utmarka. Kvifor kan me ikkje sjå dette og handla deretter?

Annonse

Dei siste åra har synt store tap og høge kostnader med jakt og kadaverleiting. Politikarar i ansvarlege stillingar møter opp og ”gremmes” over tilstanden og lovar å gjera kva som gjerast kan for å få retta på tildragelsene! Men kva skjer? Dei store tapa berre aukar, Rendalen 2016 (230), Hurdal, Hadeland 2017 (308) Nord-Østerdal 2018 (?) I Meråker, Nord-Trøndelag har ein sauhaldar mist 1025 sauer og lam dei siste 5 åra. I tillegg til dette kjem det som blir øydelagt i dei andre distrikta. Slår ein alt i hop blir det store tal og kostnader. Dette øydelegg all tillit til styringsverket.

Det er mange som meiner at politikken inneheld ein skjult agenda, som ingen vil fortelja om. Bak denne politikken jobbar WWF. Det er mange land som avviklar dyrehald og landbruk. Folketalet i verda aukar og treng auke i matproduksjon. Det er vel ingen som evnar å stanse WWF-politikken, men me kan endra den serleg i dei nasjonale sjølvstendige statane. Da må truslar og negative utrop stå utan svar eller handlingar etter deira politikk.

FN har no idet siste vist at dei set spørsmålsteikn på mange av dei måtane WWF arbeidar på. Lisensjakt må gjennomførast frå første oktober til ut mars. Det må vere størst uttak langs grensa mot Sverige for å dempa innvandringa derifrå. Ulven kjem da i ein ekstra nedtur og dette vil synast allereie neste beitsommar. Ulv som skal vera freda må vera i innhegningar. Dei dyra som alt no er i innhegn er grunnstammen for ulvestammen, og med tilføring av nye dyr vil også det skje under trygge tilhøve. Registrering av ulv i innhegning må teljast og ordning med tilføring av mat ordnas frå pelsdyrfôrlaga. Kanskje er det nok ulv i innhegn her i landet så ein slepp å bygga nye hegn?

Neste artikkel

Domstolene skal ivareta rettssikkerheten