Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Respektlaus EU-tilknyting

Energi: Noreg har slutta seg til EUs energibyrå. Foto: Erik Vestgård
Energi: Noreg har slutta seg til EUs energibyrå. Foto: Erik Vestgård

Skiljelinene mellom standpunkta til EU sin energiunion følgjer bemerkelsesverdig dei same skiljelinene som for eller i mot EU-medlemskap.

Å gå inn for meir norsk maktoverføring til EU, slik fleirtalet i Stortinget nå har gjort, er å vise forakt for det store fleirtalet av det norske folket sitt standpunkt mot EU-tilknyting gjennom medlemskap. Dette har folket avgjort gjennom to folkerøystingar, og motstanden mot EU-medlemskap har berre auka etter desse.

Avgjerda i saka om å la EU-organ overta styringsmekanismane i norsk energipolitikk bryt med den grunnleggjande sjølvråderetten som Noreg har over eigne ressursar, også energiressursane, i kraft av å ikkje vera knytt til unionen.

Argumentet om at energisamarbeid i deler av Europa er gode globale miljø- og klimatiltak, med mindre bruk av kol og andre forureinande energikjelder og meir bruk av grøn energi, er berre udokumenterte «skuebrød» frå norsk side.

Energisluket i vestlege overflodsland er umetteleg og vil ikkje kunne forbetrast ved at energibyrået Acer skal bestemme energiutvekslinga mellom EU-landa, også som om Noreg er ein EU-nasjon, der suverenitetsavståing blir neglisjert.

Annonse

• LES OGSÅ politisk redaktør Kato Nykvist sin kommentar: Ap-leder Jonas Gahr Støre ber velgerne stole på partiet i Acer-saken. Det er vanskelig å forstå hvorfor.

Det er heilt andre og meir djuptgripande verkemiddel, tiltak og haldningsendringar som må til for å sikre eit tryggare klima og eit betre miljø, nemleg ein meir berekraftig livsstil enn den vestlege, og global solidaritet mellom menneske og natur på kloden vår.

Teknologisk energisamarbeid vil aldri kunne løyse dei enorme klima- og miljøutfordringane den vestlege verda står ovanfor.

Neste artikkel

Brodtkorb i Tangen-høring: – Risikoen for interessekonflikter er ikke eliminert