Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Redde høna eller hønekjøtet?

Høne: Gamle høns kan nyttast til mat, skriv Ola Eian i Grønn Ungdom. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Høne: Gamle høns kan nyttast til mat, skriv Ola Eian i Grønn Ungdom. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Forbrukerinspektørene i NRK har sett høna i rampelyset og kastar samstundes lys over rotne egg i landbruket. I serien om matsvinn vil NRK «redde høna». Men er det hønemor eller hønekjøtet som skal frelsast? Og kva med alle kyllingane?

Geitekillingar og hanekyllingar vert slått i hel rett etter fødselen. Høns vert ikkje eten, men endar som fyringsolje og betong. Korleis har det vorte slik, og kvifor kjennest det så feil? Ein landbrukspolitikk som krev raskare, høgare og meir intensiv produksjon er opphav til problemet. Men det dårelege medvitet har sitt opphav frå to ting.

For det fyrste er det er uanstendig handtering av ressursar. Å nytte høns til betong er som å nytte hardingfeler til opptenningsved. Ein legg mykje slit, tid og pengar i høgverdige produkt som musikkinstrument og menneskemat. Om vi kverner opp desse tinga til brennstoff og betong så kastar vi arbeidstimar, råstoff og verdiar ut vindauge.

For det andre er det er uanstendig handtering av levande skapningar. Høns er levande skapningar som kjenner smerte og som har ein eigenverd i kraft av å vere i live. Difor har vi eit moralsk ansvar for å ikkje utsetje dei for unødig påkjenningar. Den lidinga vi påfører husdyra våre må rettferdiggjerast med at ho gjer oss mat på bordet. I dag kastar vi høns som avfall og avlar i staden opp eigne generasjonar kylling for å ete dei. I staden for å nytte både egg og kjøt frå same fjøs, så har vi dobbelt opp med eigne fjøs for kyllingkjøt. Da får vi unødig mange produksjonsdyr som vert utsett for unødige påkjenning.

Hønekjøtet vi kastar ville erstatta kyllingkjøt og dermed talet på fjørfe. Ikkje berre held vi unødig mange kyllingar, vi gjer dei eit unødig fælt liv. Landbrukspolitikken har premiert intensiv produksjon over dyrevelferda. Det er grunnen til at kyllingrasane er avla til å vekse så fort at det gjer fysiske plager til dyra. I tillegg er både høns og kylling stengd inne heile livet. Både kyr og sau har krav om å vere ute, dei heldige er og ute i utmarka. Å vere ute og røre seg i naturen krev at dyra er avla til ein funksjonell kropp. Dette gjeld ikkje for kyllingane. Berre slike omstendigheiter, der dyr som går på flatt fjøsgolv heile livet, gjer det mogleg å avla kylling til å vekse så fort at føtene har problem med å bere kroppsvekta.

Annonse

Fjørfehald har eit dårleg rykte, økologisk litt mindre enn konvensjonelt. Det treng ikkje vere slik. Med tre grep kan vi redde hønemor og alle kyllingane hennar:

1. Dyra må få sleppe ut av fjøset. Høns og kylling må som sau og kyr få rett til å vere ute i løpet av året (slik det er i økologisk fjørfeproduksjon).

2. Landbrukspolitikken må premiere dyrevelferd over effektivitet i produksjon. Det må løne seg å gje meir plass til kvart enkeltdyr, ha mindre press på fôring og gje dyret tid og rom til kvile, leik og åtferd som ikkje direkte går på produksjon.

3. Vi må få ei kombihøne. Den egg-leggjande rasen må nyttas til kjøtproduksjon, lik som Dagros (Norsk Raudt Fe) i mjølkefjøset. Vi får eit mindre einsretta avla dyr med betre helse. Gamle høns kan nyttas til mat, og hanekyllingar får vekse opp sjølv om dei ikkje kan leggje egg.

Neste artikkel

Regjeringen satser på matkultursenter i Tønsberg