Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Raud distriktspolitikk er ingen dans på roser

Vi kan ikkje leva av å lage Distrikts-Noreg til eit naturreservat.

Fjell-, kyst- og utmarkspolitikk er spesielt viktig for distriktsutvikling. Her ligg potensialet for næringsutvikling, vekst og nye arbeidsplassar. Men det krev at vi får ta i bruk naturressursane på ein berekraftig måte – det er det dei som bur nærast desse som er dei beste til å forvalte.

Raudgrøn regjeringsperiode var eit inferno av statlege motsegn på lokale planar – det blei berre verre og verre i dei åtte regjeringsåra med SV i Miljøverndepartementet.

Raudgrøne ordførarar var i harnisk over at deira kommunar og innbyggjarar blei overkøyrde gong på gong. Dåverande fylkesmann i Oppland, Kristin Hille Valla, slo fast at bruken av areala i kommunane er eit politisk spørsmål. «Fylkesmannen skal følge opp regjeringens politikk. Endres politikken, så endrer vi vår praksis. Misfornøyde ordførere må derfor klage til sine sentrale partier. Men for egen del har jeg aldri opplevd strammere styring enn under den nåværende regjering», sa Hille Valla i Gudbrandsdølen-Dagningen 2. oktober 2007.

Dagens regjering med Høgre i spissen har gjeve råderetten attende til lokalsamfunna. I 7 av 10 konfliktsaker mellom kommune og stat får kommunen no medhald. Under raudgrøn regjering var situasjonen omvendt – berre i 4 av 10 konfliktsaker fekk kommunen medhald.

Annonse

At borgarleg regjering har flytta plandelen i plan- og bygningsloven frå miljøverndepartementet over i det sektorovergripande Kommunal- og moderniseringsdepartementet er heilt naudsynt for å få til ei balansert forvalting som òg fokuserer på samfunns- og næringsutvikling i eit breitt perspektiv, framfor miljøvern i eit snevert, bruksrestriktivt perspektiv.

Regjeringa har òg sett i gang eit omfattande og langsiktig arbeid for å forenkla utmarksforvaltinga. Målet er å styrka lokaldemokratiet og auke lokal verdiskaping basert på lokale naturressursar. Dette arbeidet går føre seg på fleire plan, mellom anna med lovendringsarbeid, gjennomgang av departements- og direktoratstrukturen, roller og oppgåver på ulike forvaltingsnivå.

Ein blå tråd i Høgre-regjeringa sitt arbeid har vore og er å styrke lokal forvalting, lokal råderett og privat eigedomsrett – og slik auke lokale verdiskaping i distrikta og dermed sikre arbeidsplassar og busetnad.

Vi kan ikkje leva av å lage Distrikts-Noreg til eit naturreservat og nekta lokalsamfunn å bruka naturressursane på ein måte som desse har vist seg tilliten verdig til å forvalta gjennom generasjonar. Kulturlandskapet vert forma av menneskeleg bruk og aktivitet – alternativet er attgroing, næringsfattigdom og fråflytting.

Det handlar sjølvsagt om balanse. Det er og skal vera nasjonale føringar for utmarksforvalting som for all annan politikk – men gjennom raudgrøn regjeringsperiode etablerte det seg ein sterk ubalanse i forvaltingssystemet, noko som etter kvart utvikla seg til ein alvorleg krise for lokaldemokratiet. Liv Signe Navarsete uttalte våren 2016 at dagens regjering skal ha skryt for det dei har fått til på utmarksforvalting; ho sa samstundes at Sp i raudgrøn regjering i stor grad blei nøytralisert av SV.

Vi har ingen grunn til å tru at Sp i samarbeid med eit svekka Ap vert mindre nøytralisert av SV om dei skulle overta styring enn dei vart i førre raudgrøne regjeringsperiode. Tvert imot – ein vil vera heilt avhengig av SV si støtte i regjering og ev. samarbeid med MDG og Raudt. Ei ikkje-sosialistisk regjering med Erna som statsminister som har vist at vi leverer på lokal forvalting og har tru på oss som bur i distrikta, er det beste vi kan ønskje for Distrikts-Noreg!

Neste artikkel

På tide å anerkjenne Steinerhøyskolens barnehagelærere!