Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Produksjonsaktivismen – ei ulukke for bønder og småbrukarar

Skal forhandle: Merete Furuberg (NBS), Lars Petter Bartnes (Bondelaget) og Leif Forsell (LMD). Foto: Siri Juell Rasmussen
Skal forhandle: Merete Furuberg (NBS), Lars Petter Bartnes (Bondelaget) og Leif Forsell (LMD). Foto: Siri Juell Rasmussen

Eit av fleire hovudmål i tidlegare landbruksminister Lars Peder Brekk si stortingsmelding om jordbrukspolitikken «Velkommen til bords» var auka produksjon på norske ressursar. Ei viktig presisering var medteken; nemleg at produksjonen ikkje kunne auke med meir enn 1 prosent i året, noko som er ca. i takt med folketalsveksten i Noreg.

Auka produksjon på norske ressursar var altså eitt av fleire jamstilte hovudmål. Men kva skjer i debatten etter at meldinga vart vedteken i Stortinget i 2013? Jau, eit sjikt av forskarar, organisasjonsfolk, landbrukspolitikar og kommentatorar plukkar ut «auka produksjon på norske ressursar» og gjer det til det einaste hovudmålet i sine kronikkar og lesarinnlegg i m.a. distrikta si næringsavis Nationen.

Fleirtalet av skribentane utelét den viktige presiseringa 1 prosent for året, og skreiv berre «auka produksjon på norske ressursar» og utan å presisere at sjølv målet om 1 prosent auke i året krev eit styrka importvern for norske jordbruksvarer.

Kva vart så resultatet av dette einauga fokuset på auka produksjon som hovudmål? Jau, vi fekk overproduksjon av svinekjøt, egg, kylling og lamme – og sauekjøt, og nok ku- og geitemjølk. Dette fører til prisfall på dei produkta bønder og småbrukarar leverer til samvirka og andre private verksemder. Dermed får bonden lågare inntekter, noko som ikkje var målsetjinga med den gode stortingsmeldinga til Brekk. Slik går det når folk med andre agendaer enn det beste for bønder og småbrukarar får avgjere operasjonaliseringa av stortingsmeldingane.

Annonse

Den neste produksjonen som vil stange i etterspørselstaket er storfekjøt. Leiar i Oppland Bonde- og småbrukarlag, Svenn Arne Lie, har eit svært godt lesarinnlegg i Nationen (23. januar) der han fokuserer på overproduksjonspolitikken. Eg støttar fullt ut innhaldet i innlegget og ber leiarane i jordbruket om å ta mitt og Lie sine innlegg til etterretning.

I jordbruksforhandlingane til våren er det liten vits i å krevje prisauke som ikkje kan takast ut i marknaden. Tilskot som pressar opp produksjonen treng ein heller ikkje krevje, og ein står då att med krav om auka produksjonsnøytrale tilskot som driftstilskot i mjølkeproduksjonen og beredskapstilskot for bruk under 500 dekar dyrka jord.

Vidare må landbrukspolitikken i åra framover i sterkare grad leggje vekt på landbruket sin multifunksjonalitet. Matvaretryggleik, busetjing og kulturlandskap må opprioriterast i jordbrukspolitikken.

Neste artikkel

Landbruket spilte en viktig rolle i Norges nei til EF