Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pengar til fjellbeite i Geiranger

Tilskot til tiltak mot gjengroing i jordbruksavtalen.

Verdsarv: Utsikt over Geiranger og Geirangerfjorden. Foto: Marianne Løvland/NTB scanpix

Styreleiar i Vestnorsk fjordlandskap Arne Sandnes fryktar at Geiranger kan misse statusen som verdsarvområde.

Kulturlandskapet gror igjen, og beitedyra som før har helde dette ved like, har vorte færre. Eg delar bekymringa til Sandnes, og det er ei generell utfordring at kulturlandskapet gror igjen i Noreg.

Annonse

Kulturlandskap er eit av dei viktige kriteria når Geiranger fekk verdsarvstatusen. Regjeringa og Klima- og Miljødepartementet har sytt for at det finst ordningar for å halde fjellbeite i drift. I samband med jordbruksforhandlingane i vår, vart tilskottet til tiltak mot gjengroing i verdssarvområde auka med to millionar kroner.

Pengane vert utbetalt over Landbruks- og matdepartementets budsjett, og går til tiltak i Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyene.

Med tida er det ynskjeleg å innlemme andre verdsarvområde i den same ordninga. Det er fylkesmannen som fordeler pengane etter søknad.

Neste artikkel

Elvestuen overkjører demokratiet i ulvesaken